Stripeand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stripeand
Stripeand
Stripeand
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Anas
Art: Stripeand A. superciliosa
Vitskapleg namn
Anas superciliosa

Stripeand (Anas superciliosa) er ei mellomstor grasand i Anas-slekta som har leveområde frå Indonesia i vest, over Ny-Guinea, Australia, New Zealand og til øyar i sørvestre Stillehavet, like til Karolinane i Fransk Polynesia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Stripeanda er mørk brun, med markerte mørke striper på eit bleikt hovud, nebbet er grått. I flukt viser begge kjønn eit grønt vengespegl, speculum. Kroppslengda er ca. 55 centimeter og hannar veg ca. 1100 gram, hofuglar 100 gram mindre.

Dei føretrekk habitat i små innsjøar og elvar med svak straum i skogsområde, i våtmarksområde, men skyr unna landbruksområde og område med menneske. Dei lever òg på relativt små og fjerne øyar slik som Chathamøyane og Snareøyane.

Føda er først og fremst frø som dei siler ut frå vatnet, dessutan anna akvatisk vegetasjon. Ungfuglar og hoer før egglegging et mykje animalsk føde som virvellause dyr, sniglar og larver.

Egglegging skjer ofte frå slutten av august til slutten av desember. Kullet er typisk 10 egg som hoa rugar i ca. 27 dagar. Dei kan ha to kull i sesongen. Ungane er mørkt dunkledde ved klekking og flygedyktige etter ca. 60 dagar.

Populasjonen er estimert til mellom 180 000–1,2 millionar individ. (2006) Han har minka mykje dei siste tiåra.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
Referansar
  1. BirdLife International (2012) Species factsheet: Anas superciliosa. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. juli 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]