Stripeflugeskvett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stripeflugeskvett

Status i verda: LC Livskraftig

Stripeflugeskvett på Nordøya Foto: Craig Nash
Stripeflugeskvett på Nordøya
Foto: Craig Nash

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Petroicidae
Slekt: Petroica
Art: P. australis
Vitskapleg namn
Petroica australis
Sparrman, 1788
Stripeflugeskvett
Namn på andre språk
Svensk Nya Zeelandsydhake
Dansk Grårygget Sangfluesnapper
Engelsk New Zealand Robin
Maori Toutouwai
Bokmål Stripeflueskvett

Stripeflugeskvett (Petroica australis) er ein liten sporvefugl i flugeskvettfamilien, Petroicidae. Han er endemisk til New Zealand, lever i habitat med skog over delar av begge hovudøyane og over Stewart Island/Rakiura i sør. Òg på omkringliggande øyar i nord som Little Barrier Island og Kapitiøya. Det er tre underarter som viser variasjon i fjørdrakt. Der er òg skilnader i fjørdrakt mellom kjønna.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Nordøya er hannfuglen av stripeflugeskvetten mørk, nær svart, men nedre bryst og buk er gråleg og dei har ein liten kvit flekk rett over nebbrota. Hofuglen på Nordøya er litt bleikare med grålege område på strupe og bryst. Fjørene har bleike fjørskaft som gjev inntrykk av striper i fjørdrakta. Underarten på Stewart Island er mykje lik den på Nordøya. På Sørøya har hannfuglar eit tydeleg skilje mellom den mørke oversida og ei lys gul underside og nedre bryst. Også her har hannar ein liten kvit flekk over nebbrota. Hofuglar på Sørøya har gråare bryst med uklåre lysare område. Ungfuglar i alle underartane liknar hofuglar. Stripeflugeskvettar måler 18 centimeter og veg 35 gram.

Stripeflugeskvettar var tidlegare utbreidde over heile Nordøya og Sørøya. På Nordøya er dei i dag utbreidde i eit belte frå Bay of Plenty i nord til Taranaki i sørvest. Utbreiinga på Sørøya er konsentrert i nordvest, nord for Søralpane og austover til Marlborough. Utanom dette finst dei berre i mindre isolerte område på vestlege delar av Sørøya og rundt Dunedin på austkysten. Det finst ein levedyktige bestand på Stewart Island/Rakiura, men han er mest vanleg på Little Barrier Island, Kapitiøya og på nokre område på nordlege Sørøya.

Stripeflugeskvettar er monogame og para held saman frå år til år. Paret vernar territorium heile året, men hannen er mest aktiv i hekketida med song. Songen er høg og klår med ei avtakande setning 'pvii-pvii-pvii'. Egglegging kan skje i perioden frå juli til januar, og dei kan ha opp til fire kull i sesongen, jamvel seks kull om nokre kull går tapt. Kvart kull er på 2-4 egg. Desse fuglane startar hekking når dei er ca. eit år gamle, og forventa levealder har vore rekna til tre år, men ein kjenner eit individ som blei 16 år.

Føda består hovudsakleg av virvellause dyr, men dei kan òg ete av frukter når dei er tilgjengelege. For det meste tar dei byttet nede på bakken, dei kan sitje på låge greiner og kaste seg ned på bakken når byttet er observert.

Arten har status som verna endemisk utan å vere trua, og bestanden er minkande grunna habitatstap og innførte predatorar.[1]

Underartane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011:[2]

  • Petroica australis longipes, Nordøya og nærliggjande øyar
  • Petroica australis australis, Sørøya
  • Petroica australis rakiura, Stewart Island/Rakiura

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stripeflugeskvett