Hopp til innhald

Stripehovudstiftstjert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stripehovudstiftstjert
Stripehovudstiftstjert
Stripehovudstiftstjert
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av stripehovudstiftstjert
Utbreiinga av stripehovudstiftstjert
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Cranioleuca
Art: Stripehovudstiftstjert C. hellmayri
Vitskapleg namn
Cranioleuca hellmayri

Stripehovudstiftstjert (Cranioleuca hellmayri) er ein fugl i omnfuglfamilien som er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta. Utanom dette området er det kjent eitt funn i Perijá, nordvestre Venezuela.

Stripehovudstiftstjerten er ein liten omnfugl med kroppslengd på rundt 14 centimeter og masse på ca. 15 gram. Han arvar typiske trekk i morfologi for slekta Cranioleuca; har relativt kortare stjert enn somme andre stiftestjertslekter, og stjerten endar i ein dobbel tupp. Oversida er brun, der venger og stjert er meir raudbrune enn ryggen. Undersida er lys gråbrun, strupen nær kvit.

Det karakteristiske for arten er hovudet som har kastanjeraud krone med gråsvarte striper. Han har ei smal, lang og nær kvit augebrynstripe.

Han lever helst i skog og gjenreist skog mellom 1520 og 3000 moh. Her beitar dei på leddyr frå midten av trekroner og opp mot toppen. Dei beitar gjerne parvis i fleirartsflokkar.

Reiret er fletta av gras og hengt opp i ei grein. Hekketida er i september til november.

Storleiken på populasjonen er rekna som stabil, men han er ikkje estimert. Arten er skildra som vanleg i utbreiingsområdet, og IUCN har kategorisert han som livskraftig, LC.[1]

Referansar
  1. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Bilete av stripehovudstiftstjert på flickr.com