Stroma i Skottland

Koordinatar: 58°41′N 3°07′W / 58.69°N 3.12°W / 58.69; -3.12
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stroma
Geografi
Stroma i Skottland is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°41′N 3°07′W / 58.69°N 3.12°W / 58.69; -3.12

Areal 3,75 km²

Høgaste punkt Cairn Hill (53 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Highland
Største busetnad Uppertown (fråreist)

Demografi
Folketal 0

Stroma er ei utanfor nordkysten av Skottland. Ho er den sørlegaste av to øyar i Pentland Firth mellom Orknøyane og Caithness. Ho høyrer til Caithness (i dag i regionen Highland), medan naboøya Swona i nord høyrer til Orknøyane. Namnet har norrønt opphav og tyder «Straumøy». Det står eit fyr nord på øya for åtvare skip om dei sterke tidvasstraumane og malstraumane i området. Øya var ein gong busett, men er i dag folketom.

Stroma er om lag 3,5 km lang og 1,5 km brei. Det høgaste punktet på øya er Cairn Hill på 53 meter over havet.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Kvelvet og dueslag på Stroma

Tidlegare hadde Stroma rundt 550 innbyggjarar, men i 1901 hadde dette falle til rundt 375. Folketalet heldt fram å falle utover 1900-talet og dei siste to familiane forlet øya i 1962.

I dag finst mange forfalne hus på øya. Midt på øya står ei kyrkje og eit klokketårn. I dag vert øya nytta til sauehald.

Farlege straumar[endre | endre wikiteksten]

The Gloup på Stroma

Øya ligg midt i dei kraftige tidvasstraumane i Pentland Firth. Straumen på nordsida av øya vert kalla The Swilkie, og kan verte særleg kraftig. Ein malstraum med same namn i denne straumen vart i følgje ei vikingsegn skapt av havkongen Mysing. Han stal ei magisk handkvern frå kong Frode, men landområdet til Mysing sokk i havet nær Stroma på grunn av vekta til kverna. Kverna kvernar derimot enno salt på botn av havet og skapar malstraumen på overflata og gjer at havet er salt.[1]

Det finst om lag seksti kjende skipsvrak rundt Stroma. Det siste forliset var den danske lastebåten «Bettina Danica» som forliste i 1994.[2] Ingen liv gjekk tapt i forliset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]