Strontianitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strontianitt
Mineraly.sk - stroncianit.jpg
Strontianite frå Slovakia
Generelt
KategoriKarbonatmineral
Kjemisk formelSrCO3
Strunz-klassifisering05.AB.15 eller 5/B.04-20
Dana-klassifisering14.01.03.03
KrystallsymmetriOrtorombisk - Dipyramidal
H-M-symbol: 2/m 2/m 2/m
Romgruppe: Pmcn
Einingscellea = 5.1 Å, b = 8.4 Å, c = 6.0 Å; Z = 4
Identifikasjon
Molekylvekt147.63 g
FargeFargelaus, kvit, grå, lysegul, grøn eller brun; fargelaus i transmittert lys
Krystallformprismatisk, nålforma, pseudoheksagonal, skiveforma til trådaktig, korna, massiv
KrystallsystemOrtorombisk
TvillingSærs vanleg, vanlegvis kontakt, sjeldan penetrering, òg repetert
Kløyv{110} nesten perfekt, {021} dårleg, {010} spor
BrotUndermuslig til ujamn
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala
Glansglasaktig, harpiksaktig på brot, feittete
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt3.74 til 3.78 Gjennomsiktige versjonar er tyngde enn dei andre
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa(-)
Brytingsindeksnα = 1.52, nβ = 1.66, nγ = 1.67
Dobbeltbryting0.15
2V-vinkelMålt: 7°, Utrekna: 12° til 8°
Ultrafiolett fluorescensNesten alltid fluorescerande
OppløyselegheitOppløyseleg i fortynna saltsyre
Endrar seg tilCelestin SrSO4
Kjelder[1][2][3][4]

Strontianitt er eit kvitt eller svakt farga mineral, eit strontiumkarbonat, SrCO3. Det krystalliserer rombisk og er isomorft med aragonitt. Det finst særleg på gangar i kalk- og mergelbergartar.

Minarelet vart namngjeven i 1791 ëtter lokaliteten Strontian i Argyllshire i Skottland, der grunnstoffet strontium vart oppdaga året før.[1]

Det er utgangsmateriale for framstilling av strontiumsambindingar.

Mineralet er ikkje kjent frå Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gaines et al (1997) Dana’s New Mineralogi Eighth Edition. Wiley
  2. Strontianite on Mindat.org retrieved 23/08/11
  3. Webmineral Strontianite data retrieved 23/08/11
  4. Strontianite i Handbook of Mineralogi retrieved 24/08/11

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]