Stryking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stryking på 1800-talet.

Stryking og glatting av klede vert utført for å få kleda glatte etter vask, og under og etter sying. Prosessen vert utført med eller utan oppvarming. Glatting utan varme er særleg effektiv på lin. Dei stive fibrane vert pressa saman og gir tekstilet ein ettertrakta glans.

Det finst mange måtar å glatte klede på, frå mekanisk banking eller stryking med kalde glattereiskapar, rulling eller pressing mellom to harde flatar, til stryking med oppvarma metall.

Banking[endre | endre wikiteksten]

Glattbanking av klede i Korea i 1910-åra.

I Korea vart klede banka glatte. Det vart bretta fint saman og lagt på ein spesiallaga taburett som gjerne var av stein. Så sat to personar på kvar si side av taburetten. Med ei klubbe i kvar hand banka dei på tøyet til det vart flatt.[1] Andre stader, som i Japan og Senegal, vart det brukt ei klubbe.[2][3]

Glatting[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste glattereiskapane vi kjenner til i Norden er glattesteinar. Slike er det funn mange av frå vikingtida. Det ser ut som dei vart brukte saman med glattebrett av kvalbein.[4]

Ein annan gamal reiskap var slikjekjaken. Han vart laga av kjevebeinet til dyr, og brukt til å glatte ut linklede, skjorter og anna kvitsaum. Til å glatte detaljar på klede kunne brukast ei grisetann. Likeeins vart hornskeier brukte til å glatte tøy med.

Rulling[endre | endre wikiteksten]

Tidleg klesrulle der tøyet er rulla rundt mellomste rullen og pressa mot dei to andre.

Den enklaste rulla var mangletreet. Då vart kledet som skulle glattast rulla kring ein glattestokk. Så vart mangletreet pressa hardt ned mot kledet på stokken og rulla fram og tilbake på underlaget.

Denne måten å rulle klede på vart vidareutvikla ved steinrulla. Då hadde ein klede rundt fleire stokkar. Desse la ein under ei kasse eller ei ramme som vart nedtyngd med stein. Så vart kassa ført att og fram medan stokkane vart rulla og kledet pressa. Det kunne vere montert ei sveiv på kassa slik at ein ved hjelp av reimar kunne føre henne.

Kleda kunne og ligge glatte under rullane.

Klesrulla[endre | endre wikiteksten]

Ei vidareføring av denne innretninga vart at rullane vart plasserte på eit opprøyst stativ.

Rullane vert drevne rundt ved hjelp av ei handsveiv eller ein elektrisk motor. Når rullane går rundt vert kledet ført gjennom opninga mellom rullane og pressa. Avstanden mellom rullane kan regulerast. Det gjer ein etter kor tjukke tekstilane er, og kor sterkt press ein vil ha. Rulling er særleg eigna for tekstilar av lin. Men har vorte bruk på dei fleste tekstilar av naturfiber. Prosessen vert mest effektiv om kledet vert oppvarma under rullinga.

Pressing[endre | endre wikiteksten]

Ein annan måte å få tøy glatt på er å presse det. I den enklaste forma vert det utført ved at ein legg noko tungt på samanlagde klede.

Av mekaniske innretningar etter dette prinsippet kjenner vi linpressa. Ho er opphavleg ei hollandsk oppfinning. I Holland har ho vore i bruk opp mot våre dagar. Linpressa er ei skrupresse.[5] Tøyet som skal pressast vert lagt på ei underplate. Over legg ein ei plate som vet pressa ned mot tøyet ved ein stor skrue. Damaskdukar vart gjerne glatta på denne måten. Ein kunne legge figursjablongar mellom tekstillaga. Då kunne ein få dekorative relieffmønster i duken.

Den som ikkje hadde slik presse, og kanskje ikkje klesrulle heller, kunne legge tekstilane som skulle glattast mellom madrassen og sengabotnen, og så vart dei pressa når nokon låg i senga.

Strekking[endre | endre wikiteksten]

Stryking[endre | endre wikiteksten]

I dag er det vanleg å stryka klede glatte med eit varmt jarn. Dei første ein kjenner til som brukte varme til å glatte klede var kinesarane. For meir enn 2000 år sidan hadde dei glødande kol i jarnpanner som dei strauk over tøyet.[6] I Egypt har dei brukt strykejarn som vert ført og pressa med eine foten medan ein styrer det med handa. Desse jarna vert varma på ei varm plate, og så påsett ein treklamp når dei skal brukast.[7] Her vert og det ein skal stryke dynka med vatn spruta frå munnen, slik ein og har nedteikningar om frå Sverige.[8] Berbarane i Algerie brukte ovale jarn med lange skaft. Desse kom i bruk i Frankrike og var der kalla fers kabyles, 'kabylske jarn'. [9]

Ein varm jarnklump vart plassert inne i strykejarnet for å varme det opp
Omn for å halde mange strykejarn varme

Strykejarn[endre | endre wikiteksten]

Dei første, enkle strykejarna dukka opp seint i mellomalderen. Dette var tynne jarn som vart varma opp på ein omn eller rett i elden. Metallhandtaka vart svært varme under oppvarming, og måtte intullast i ein isolerande klut.

Dei første strykereiskapa som kunne varmast opp vart stundom laga av kleberstein, steintøy, eller terrakotta. Etter kvart vart det påsett trehandtak som ikkje var så varme, og kring 1870 vart det teke patent på strykejarn der handtaket kunne takast av under oppvarminga. Når det vart brukt strykejarn som måtte varmast på omnen, var det vanleg å ha to eller fleire jarn. Slik at ein alltid hadde eit som var passeleg varmt. Der det var vanleg at fleire strauk samtidig kunne dei ha spesialomnar der fleire strykejarn vart oppvarma samtidig.

Det vart laga mange typar strykejarn som vart oppvarma innanfrå. Nokre vart fylte med glødande trekol. Dei hadde skorstein for å gi trekk og for å få røyklukta vekk frå kleda.I Kerala i India vart det brukt brennande kokosnøttskal inne i slike strykejarn. Andre hadde opning slik at varme metallstykke kunn settast inn og gi varme. På denne måten var det enklare å halde ein høveleg temperatur. Metallstykka vart utbytte når dei kolna. Pipejarn som vart brukte til å stryke pipekragar var opvarma på liknande måte.Det vart og laga strykejarn der det brann meir flyktig brensel. Det kunne vere alkohol, parafin, naturgass, asetylen (karbid gass) eller bensin. Desse kunne vere brannfarlege i bruk.

Før dei elektriske jarna vart innførte, var det eit varmt og krevjande arbeid å stryke. Strykejarna hadde lett for å verte ureine. Dei vart pussa og polerte. For å hindre at det vart merke på stiva klede, vart dei behandla med bivoks. Erfaring var god hjelp når ein skulle finne ut om jarnet var høveleg varmt.

Elektriske strykejarn[endre | endre wikiteksten]

Kring 1880 vart det arbeidd med å bruke elektrisitet til å varme opp strykejarn. Amerikanaren Henry W. Seely tok patent på det første i 1882. Dei første jarna hadde varme element som kunne koplast til straumnettet. Han var og med på å ta patent på eit jarn som vart oppvarma av ei elektrisk varmeplate.

I Frankrike vart det introdusert strykejarn som vart oppvarma ved hjelp av ein elektrisk lysboge mellom to karbonstiftar.[10] Desse jarna viste seg å vere for farlege til å kome i vanleg bruk.

I 1920-åra vart det laga elektriske strykejarn med regulerbar varme. Jarna var no lettare, dei vart laga av rustfritt stål og etter kvart og lettmetal. Straumledninga var festa til strykejarnet med ein plugg slik at det var enkelt å kople frå straumtilførselen.som grei å drage ut

I 1927 vart det første strykejarnet med regulerbar termostat produsert i USA. Kring midten av 1930-talet var dei første til sals i Eupopa. På slutten av 1930-talet hadde strykejarna varmeisolerand bakelitt handtak. Dei fekk los som indikerte at straumen var påkopla. Etter kvart som ein såg at strykeresultatet vart bra sjølv om ikkje vekta på strykejarna var så stor, vart dei stadig lettare. Før 1939 vog eit srykejarn gjerne 2,5 kg. På slutten av 1950-talet var vekta den halve.

Til stryking med strykejarn vert det ofte brukt eit Strykebrett.

Strykemaskin[endre | endre wikiteksten]

På 1940-talet kom strykemaskinar i bruk, også i heimane. Ein strykemaskin har visse fellestrekk med klesrulla. Han har ein valse som vert dreven rundt av ein elektrmotor. Ein strykesole, som kan oppvarmast, vert pressa mot valsen, og når denne går rundt, vert tekstilen glatta mellom solen og valsen. Varmen kan regulerast etter kva som er best for tøyet. Ein strykemaskin har eigen vassbeholdar, og kan føre damp til klede under strykinga. Brukar ein ikkje damp bør klede vere dynka. Strykemaskinar er laga for den som brukar dei kan sitje.[11][12]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. mai 2008, henta 1. juni 2008 
  2. http://www.internationalfolkart.org/exhibitions/past/moonweb/section3/075.htm
  3. http://www.meb.u-bordeaux2.fr/afrique/89911.jpg
  4. http://www.stringpage.com/viking/board.html
  5. http://www.cotswold.gov.uk/media/museum/Victorian/VK1.jpg[daud lenkje]
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. august 2011, henta 1. juni 2008 
  7. The ironing man
  8. Ewa Kewenter: LIN & LINNE Seder och bruk, Prisma Bokförlag, 1999.
  9. History of Ironing
  10. arkivkopi, arkivert frå originalen 9. oktober 2007, henta 1. juni 2008 
  11. A Trip Inside Your Electric Iron
  12. Brukarrettleiing Miele strykemaskin model B 895 D

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]