Strömstad

Koordinatar: 58°56′00″N 11°10′00″E / 58.93333°N 11.16667°E / 58.93333; 11.16667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°56′00″N 11°10′00″E / 58.93333°N 11.16667°E / 58.93333; 11.16667

Hamna i Strömstad

Strömstad er ein svensk by og centralort i Strömstads kommun i Västra Götalands län i landskapet Bohuslän. I 2005 hadde byen 6 110 innbyggjarar. Strömstad fekk bystatus 15. april 1676 av Karl XI.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Strömstad blei oppretta fordi Bohuslän blei overført frå Danmark-Noreg til Sverige i 1658, og då oppstod det behov for ein by i den nordlege delen av Bohuslän. På den måten unngjekk ein at folk i dei nordlege delane av Bohuslän drog til Halden for å handle.

I 1675 vart byen brent av danskane (eigentleg av nordmennene, men den norske arméen blei rekna som dansk), og okkupert i fire år. Òg på 1700-talet var Strömstad gjenstand for krigshandlingar ved fleire høve. Innbringande sildefiske gjorde at innbyggjartalet i Strömstad steig frå 300 i 1750 til 1 100 i 1805.

På 1800-talet vart Strömstad òg kjend for sine mange badehus, og kong Oscar I var stadig på ferie her. Sjøfart og reiarlag vart viktige næringar, før handel og mekanisk industri kom sterkare på 1900-talet. Frå 1900 til 1930-talet hadde steinindustrien eit oppsving. Turisme, servicenæring og grensehandel dominerer no.

Svinesundsbrua vart innvigd i høvesvis 1946 og 2005 av kongane i Noreg og Sverige.

Rådhuset i Strömstad

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet i Strömstad er i stor grad basert på turisme og grensehandel frå Noreg. Frå midten av juni til midten av august er gjestehamna og dei fem campingplassane overfylte. Nesten 85 prosent av gjestene er nordmenn. Øygruppa Koster er òg eit populært turistmål, og det går hurtigbåt frå Strömstad til Koster.

Trass det låge innbyggjartalet har byen to systembolag. Den vanlegaste turistgruppa er norske eindagsvitjande som kjem med bil, båt eller buss for å handle mat, alkohol og tobakk. Årsaka er prisskilnader og ein gunstig kronekurs. I dei første tiåra etter andre verdskrigen var mange varer billegare i Noreg, og då var det svenskar som reiste til Noreg, først og fremst for å handle mjøl, sukker og margarin.

Kvar skjærtorsdag reiser mange nordmenn på «rånetur» til Strömstad for å køyre rundt og rundt i sentrum i bilar.

Avisa i byen heiter Strömstads Tidning.

Kyrkja i Strömstad

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Frå Strömstad er det kortare til alle dei seks Østfold-byane enn til næraste svenske byen, Uddevalla. Med bil brukar ein frå Strömstad cirka 20 minutt til Halden, 30 minutt til Sarpsborg, 35 minutt til Fredrikstad, 50 minutt til Moss, 1 time til Askim og Mysen og halvannan time til Oslo. Sørover er det cirka 20 minutt til Tanumshede, 50 minutt til Uddevalla, 1 time til Lysekil og halvannan time til Göteborg. Utbygging av E6 til motorveg mellom Strömstad og Tanum er ferdig i 2013, og då vil reisetida til Uddevalla og vidare sørover reduserast med drygt 5 minutt. Den næraste flyplassen Moss lufthamn, Rygge er 45 minutt unna, medan Göteborg-Landvetter lufthamn og Oslo lufthamn, Gardermoen er drygt to timar unna.

Ferjeselskapet Color Line har avgangar hit fleire gonger dagleg med båtane MS «Bohus» og MS «Color Viking» frå Sandefjord. I 2007 reiste nærare 1,3 mill. passasjerar med desse båtane. I tillegg har Timekspressen fire avgangar om dagen til Sarpsborg, Moss og Oslo. Togruta Bohusbanan og bussruta Strömstadsexpressen går mot Uddevalla og Göteborg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]