Hopp til innhald

Stuart Thurgood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stuart Thurgood
Personleg informasjon
Fullt namn Stuart Thurgood
Fødd 4. november 1981
Fødestad London
Posisjon Midtbanespelar

Stuart Anthony Thurgood (fødd 4. november 1981) er ein britisk kriminell og tidlegare fotballspelar frå London. Han vart i 2021 dømt for smugling av narkotika.

Thurgood var midtbanespelar. I tida 1998-2017 var han innom 10 ulike klubblag. Han prøvde seg også på lag i den nedre delen av den engelske ligaen, utan å få større speletid.

Kriminalitet

[endre | endre wikiteksten]

I 2021 vart Thurgood dømt til 8 års fengsel for narkotikasmugling. Han var med i ei organisert bande som smugla kokain til Storbritannia og som fordelte det vidare til gangsterar i Essex-området.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]