Stubbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Furustubbe med røtter
Foto: KEN

Stubbe eller stuv er ein del av eit felt tre som står att.[1] Han står fortsatt fast på rota og mottar i ei tid framleis næringsstoff frå henne.

Furustubbar blir fylte med kvae slik at dei ofte blir til ein tyristubbe. Tyrirøter er gode til opptenning. Granstubbar blei tidlegare gjerne overlatne til å rotna på voksestaden, men blir i dag ofte fjerna med rota av store maskinar. Nokre lauvtre rotnar lett vekk, medan seigliva treslag kjem med nye skot langs snittflata (særleg ask, hassel og selje). Nokre av desse treslaga blei brukte som styvingar i gamle dagar.

Stubbar kan vere vanskelege å fjerna, men det finst særskilde stubbefresarar som lettar arbeidet. På 1900-talet brukte ein stubbrytar til oppgåva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stubbe