Studenica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Studenica (Студеница)
elv
Land  Serbia
Nedslagsfelt 582 km²
Lengd 60 km
Kjelde Fjellet Golija
 - høgd 1 615 moh.
Munning Ibar ved Ušće
Wikimedia Commons: Studenica (river)

Studenica (serbisk Студеница) er ei elv sørvest i Serbia og ei 60 km lang sideelv til Ibar frå venstre.

Studenica spring ut frå nordsida av Golija som Crna reka (Den svarte elva) 1615 meter over havet. Mellom landsbyane Devič og Čečina renn Crna Reka saman med Brusnička reka og held fram nordover som Studenica.

I Studenicadalen ligg Studenica kloster, eit av dei eldste, største og mest kjende serbisk-ortodokse klostera. I 1986 vart det innskrive på verdsarvlista til UNESCO. Studenica munnar ut i Ibar ved den vesle byen Ušće.

Studenica sitt nedslagsfelt høyrer til Svartehavet og ho drenerer eit område på 582 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]