Studentlue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finsk studentlue

Studentlue er ulike typar hovudplagg brukt av studentar som er nyleg uteksaminerte frå vidaregåande skular, universitet og høgskular i fleire land. Dei blir i dag brukte som regel berre ved seremonielle høve eller som luer under russefeiring og liknande. Dei nordiske studentluene oppstod på 1800-talet og er utforma etter tysk mønster som skuggeluer med lakkskjerm, rundt band med kokarde (rundt merke), låg, flat pull og både med og utan dusk. Fargane varierer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk har studentar og førelesarar hatt særmerkte former for akademisk klesdrakt. Til denne høyrer gjerne spesielle hovudplagg. Lua kunne nyttast til å skilja studentar frå ikkje-studentar, og visa status innanfor utdanningssystemet. I Noreg blei det innført ein frivillig studentuniform med tosnuta hatt ved kongeleg resolusjon i 1820. Frå 1852 byrja studentar å bruka duskelue, som andre nordiske studentar. Denne lua blei stort sett avskaffa i samband med studenopprøret på 1960-talet, men ho blei erstatta av russelue.[1]

Studentluer i Norden[endre | endre wikiteksten]

Studentar i Uppsala 4. desember 1943 under protestdemonstrasjonen etter at studentar og lærarar ved Universitetet i Oslo under andre verdskrigen blei sende til fangeleirar i Tyskland. Svart norsk studentlue i midten, til venstre kvit dansk «studenterhue» og til høgre kvit svensk «studentmössa».
Foto: Riksarkivet

Studentluer blei tatt i bruk av studentforeiningar i Norden på 1840- og 1850-talet etter tyske forbilde, der ein brukte skyggeluer inspirert av enkle militær- og arbeidsluer. Bruken og utforminga av studentluene har variert noko mellom landa og skulane, men tradisjonelt har studentane bestått gymnaseksamen eller opptak ved universitet med svarte eller kvite skuggeluer.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

«Russ på 17. mai, ca. 1921». Gymnasiastane har russeluer og russestokkar.
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling
Russ med raude russeluer framfor Slottet i Oslo 17. mai 2002.

Den norske studentlua har tradisjonelt vore ei svart skuggelue med ein dusk hengande i ei lang snor, ofte omtalt som duskelue. Lua har kort, stiv skjerm og folda, flat og rund tøypull festet til ein hovudring, det vil seia forma som ein variant av den utbreidde kasketten frå 1800-talet. Framme er det ein raud-kvit-blå kokarde med eit minervahovud. Studentlua kunne berre brukast etter bestått studenteksamen, examen artium, avgangseksamenen frå det gamle gymnaset og immatrikulasjon ved eit universitet. Lua var opphavleg tenkt som ein del av ei studentuniform.

Dusken skal berast liggande over høgre skulder. Til liks med andre former for hovudplagg, skal studenterlua som hovudregel ikkje brukast innandørs.

Russeluer[endre | endre wikiteksten]

Den noverande norske russetradisjonen skriv seg frå 1905, då raude russeluer fyrst blei brukte av elevar i avgangsklassar ved dei høgare skulane i Kristiania. Russeluene blei fyrst berre brukt av gutar, og var inspirerte av tyske studentar som hadde på seg raude luar då dei vitja Noreg i 1904. I 1916 blei dei blå russeluene brukt for fyrste gong av russ ved Oslo handelsgymnasium, ein høgare skule som særleg gav undervising i økonomi. Likevel blir 1953, året då gymnas med økonomisk fagretning blei treårig, rekna som fødselsåret til blårussen.

I Sverige[endre | endre wikiteksten]

I Sverige kallar ein studentlua studentmössa. Det er ei kvit skyggelue med kokarde i gult og blått, men utan dusk. Enkelte svenske avgangselevar ber òg ein spesiell, fargerik kjeledress, omtrent som den norske russedressen. Då den gamle studenteksamenen opphøyrde i Sverige i 1969, la det likevel ein stor dempar på den tradisjonelle studentfeiringa. Tidlegare kunne uteksaminerte gymnasiastar markera den nyvunne statusen sin og bera kvit studentlue heile sommaren, fram til dei byrja på universitetet på hausten. Studentfeiringa i Sverige har likevel fått eit visst oppsving dei seinare åra. No blir ho vanlegvis innleidd med mösspåtagning, nesten som norsk russedåp, under valborgsmässoafton i helga mellom april og mai månad. Skikkane i Sverige varierer likevel mykje frå stad til stad.

I Danmark[endre | endre wikiteksten]

I Danmark kallar ein studentlua studenterhue. Sommarmodellen er òg forma som ei kvit skyggelue, men er vanlegvis utan dusk. Kokarden er tradisjonelt raud og kvit og har ein dannebrogskross, men emblemet og utforminga varierer i dag etter kva eksamen han representerer.

I Finland[endre | endre wikiteksten]

I Finland liknar studentlua i all hovudsak på den svenske. Ho oppstod på 1810-talet, men fekk si noverande grunnform på 1870-talet. Luemerket for studentar ved Helsingfors universitet er Apollon si lyre forma i metall.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

I andre land[endre | endre wikiteksten]

Tyske medlemmer av Studentcorps i studentuniformer og -luer under Weinheimtagung-kongressen 2011.

Det finst tradisjonar for markering av studentar og eksamenar i mange land. Studentluer i Tyskland er ofte knytte til studentforeiningar, studentcorps. Luene finst i fleire variantar.

I USA og andre engelskspråklege land ifører elevar og studentar frå vidaregåande skular og høgare utdanning seg tradisjonelt ein i akademisk drakt beståande av kappe og gjerne ei kvadratisk studentlue med svart dusk når dei mottar vitnemålet etter bestått avgangseksamen. Slike luar kan kallast oxford cap, square academic cap og mortarboard («mørtelbrett»).

Studentar ved katolske universitet i Belgia ber tradisjonelt ei kalottforma studentlue kalla calotte.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hvem er studenten? - Apollon», www.apollon.uio.no (på norsk), henta 7. juni 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Studentlue