Studentmållaget i Nidaros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Studentmållaget i Nidaros
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer988510580
Skipa1916
HovudkontorTrondheim
LeiarMarte Søreng (2017–)
Nettstadsmin.no

Studentmållaget i Nidaros (SmiN) er eit studentmållag i Norsk Målungdom, som vart skipa allereie i 1916. SmiN dekker Sør-Trøndelag og delar av Nordmøre, men har hovudfokuset hjå studentar i Trondheim. Leiar er Marte Søreng frå Håvik.

Laget skipar norskkurs, og har særleg arbeidd med nynorsk terminologi innanfor ulike fagområde på NTNU. Dei står bak ei medieordliste, ei organisasjonsordliste, ei realfagsordliste og ei musikkvitskapsordliste. Studentmållaget i Nidaros har aktivitet gjennom heile året, sett vekk i frå felles sumar- og juleferie.

Den kjende skribenten Kristin Fridtun har også vore leiar for Studentmållaget i Nidaros då ho tok utdanninga si hjå NTNU.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nettstaden åt SmiN
  • Rise, Magnulf Arne: Student- og elevmållaget i Trondheim gjennom 50 år, Melhus 1966.