Studentmållaget i Tromsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Studentmållaget i Tromsø
Skipa1898 (som Mållaget Heimhug)
2014 (noverande lag)
VerkeområdeTromsø

Studentmållaget i Tromsø (SmiT) er eit lokallag av Norsk Målungdom (NMU), ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag. Laget femner om fylka Nordland, Troms og Finnmark, men har hovudsakleg aktivitet i Tromsø, knytt til Universitetet i Tromsø (UiT) Noregs arktiske universitet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mållaget Heimhug (1898-1980)[endre | endre wikiteksten]

Mållaget Heimhug [1] vart skipa ved lærarskolen i Tromsø i 1898, som eit av dei aller første studentmållaga.[2] Dei gav mellom anna ut eit blad som heitte Lauvsprett.[1] Laget var svært aktivt og gav ut eit eige 25-årsskrift i 1923.[3]

Tromsø lærarskole låg nede i 1929-30, men i åra 1930-35 var Heimhug igjen i verksemd. I 1935 var det berre ein klasse ved lærarskolen, og året etter ingen. Det kom ikkje liv att i Heimhug etter 1935.[4] Men i 1946 vart mållaget Heimhug skipa opp att, og laget var i verksemd til 1958 [5]

Hausten 1978 vart Heimhug på nytt skipa opp att[6], men det ser ut til at laget berre var i verksemd eit par år [7].

Tromsø Student- og Elevmållag (1972-1975), Tromsø Målungdom (1975-2000)[endre | endre wikiteksten]

Tromsø Student- og Elevmållag blei skipa i 1972 [8]. Laget endra namn til Tromsø Målungdom på årsmøtet sitt 12. februar 1975 [9]. Tromsø Målungdom var i verksemd til rundt 2000.[10] Laget rekrutterte medlemmar både frå vidaregåande skolar, høgskole og universitet.

Studentmållaget i Tromsø (1990-2000 og 2014-)[endre | endre wikiteksten]

Det ser ut til at Studentmållaget i Tromsø blei skipa rundt 1990 [11], og laget var i varierande verksemd fram til 2000.[12]

Studentmållaget vart skipa opp att i 2014.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Grepstad, Jon. (13. mars 2012). Mållaget Heimhug. I Allkunne.
  2. Norsk Målungdom. Målungdomssoga. Lese den 31. mars 2019.
  3. Mållaget "Heimhug" : Troms lærarskule : festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida, Tromsø 1923 [1]
  4. Vidkunn Eidnes: "Mållaget Heimhug", side 65-67, i: Tromsø off. lærerskole. Jubileumsskrift, Tromsø, 1952 [2]
  5. Siste årsmelding blei sendt til Noregs Mållag for året 1958. Eit forsøk på oppattskiping i 1961, mislukkast. Kjelde: Årsmeldingar i arkivet til Noregs Mållag.
  6. Sjå Nordlys, tysdag 19. september 1978 [3]
  7. Siste livsteikn i aviser er i Nordlys, onsdag 20. februar 1980 [4]
  8. Sjå Målfront, organ for Norsk Målungdom, nr 4-1975, side 4: "Mens Tromsø Målungdom ((tidl. Tromsø Student- og Elevmållag) berre har rukke å bli 3 år.". [5]
  9. Tromsø Student- og elevmållag kalla inn til årsmøte 12. februar 1975, sjå avisa Tromsø, tysdag 11. februar 1975 [6] Neste gong vi møter laget, er namnet endra, sjå innlegg i avisa Tromsø, tysdag 25. mars 1975 [7]
  10. Siste avisoppslag er i Dag og Tid 16.04.1998: "Brysame lag som Studentmållaget i Bergen, Hallingdal Målungdom, Tromsø Målungdom og Studentmållaget i Tromsø fekk alle merke kor lite velkomne dei var med sine meiningar." [8]
  11. I oktober 1990 bed Studentmållaget inn til Skolemålskonferanse, sjå avisa Tromsø, tysdag 16. oktober 1990 [9]
  12. Siste avisinnlegg frå Studentmållaget i Tromsø, "Nynorsk på Høgskulen" er i avisa Tromsø, fredag 14. april 2000 [10]
  13. Brønnøysundregistra. Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret . Lese den 31. mars 2019.