Studieforbundet Folkeuniversitetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Studieforbundet Folkeuniversitetet er ein ideell organisasjon med føremål å bidra til livslang læring og likestilling i tilgangen til kunnskap og dugleik på fleire område. Folkeuniversitetet har ingen eigarar som skal ha økonomisk utbytte av verksemda, så alle midlane vert nytta til å gje eit breiddt undervisningstilbod. Organisasjonen er eit offentleg godkjent studieforbund i samsvar med Lov om voksenopplæring, og mottek statsstønad til delar av verksemda. Studieforbundet er demokratisk oppbygd, med landsmøtet som høgste organet.

Folkeuniversitetet har 7 regionar med meir enn 40 lokale studiestader og 22 medlemsorganisasjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]