Studiepoeng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Studiepoeng er ei nemning for kor omfattende eit fag eller eit studium er. Eitt norsk studiepoeng svarar til eitt ECTS-credit. I Noreg vil eit heilt studieår gi 60 studiepoeng med normal progresjon. Eitt semester svarar til 30 studiepoeng.

Studiepoeng avløyste nemninga vekttalKvalitetsreforma vart sett i verk i 2003. Eitt vekttall svarar til det som i dag er tre studiepoeng. Alle norske høgskular og universitet bruker i dag studiepoeng. For utlanlandsk utdanning som oppfyller krav til innpassing i norsk utdanning må òg omfanget reknast ut i studiepoeng.