Stuguflåtbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit veterantog med lokomotiv NSB Type 63 («Stortysker») over Stuguflåtbrua

Stuguflåtbrua, eller Stuguflåten bru, er ei jernbanebru i stein like nord for Stuguflåten på Raumabanen over elva Rauma i Oppland, rett aust for fylkesgrensa mot Møre og Romsdal. Brua er 54,1 meter lang og den har eit hovedkvelv over elva på 30 meter spennvidde og eit kvelv på 10,6 meter ved den sørlege enden.

Arbeidet med brua tok til i 1919 og fundamentsprengning for hovedkvelvet byrja hausten 1920 og muring av vederlagae vart gjennomført våren 1921 med ei arbeidsstyrke på 12 mann. Den første kvelvringen stod ferdig 16. september 1921 og senkning av berebuen skjedde 22. august 1922. Stillaset vart teke ned hausten 1922 og materiala frå dette vart brukt til mellom anna permanent snøforbygging. Stuguflåtbrua stod ferdig rundt årsskiftet 1923 og den samla byggekostnaden vart på 407 997,57 kr.

Operasjon Fieldfare forsøkte å sprenge brua januar 1945 for å hemme tysk transport gjennom Romsdalen. Brua fekk mindre skadar og vart opna etter tre veker.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]