Stumpnaseapar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stumpnaseapar
Rhinopithecus avunculus i Vietnam
Rhinopithecus avunculus i Vietnam
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Parvorden: Austaper Catarrhini
Overfamilie: Cercopithecoidea
Familie: Dyreapar Cercopithecidae
Underfamilie: Colobinae
Slekt: Stumpnaseapar Rhinopithecus
Milne-Edwards, 1872

Stumpnaseapar (Rhinopithecus) er ei slekt langurar i familien dyreapar. Slekta består av fem artar som lever i Kina, Myanmar og Vietnam.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

R. roxellana.

Slektsnamnet viser til den korte snuten som har to framoverretta nasebor. Pelsfargen kan variera mykje, særleg på skuldrene og ryggen. Kroppslengda ligg mellom 51 og 83 centimeter. I tillegg kjem ein 55 til 97 centimeter lang hale.[1]

Utbreiing og leveområde[endre | endre wikiteksten]

Stumpnaseapar finst i skogar i sentrale og sørlege Kina og dessutan i nordlege Myanmar og Vietnam. Skogane dekker ofte fjelltrakter opptil 4 500 meter over havet. For artane som lever i Kina er habitatet danna av blandingsskog og barskog. Området er kaldt, og om vinteren fell nedbøren som snø. Apane er derfo ganske motstandsdyktige mot kulde.[1]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

R. bieti-gruppe i eit tre.
R. bieti-gruppe i Yunnan.

Artane Rhinopithecus brelichi og R. avunculus lever hovudsakleg i tre, medan gyllen (R. roxellana) og svart stubbnaseape (R. bieti) lever både på bakken og i tre. Alle artane lever i grupper. Det finst samanlagt kring 10 000 eksemplar av gyllen stubbnaseape , og blant dei har ein observert grupper med opptil 600 individ. Dei andre artane er mykje mindre talrike, og det er no sjeldan at ein observerer grupper som omfattar meir enn 100 individ. Under den kalde årstida er tilgangen på føde mindre, og gruppene deler seg då ofte opp i mindre flokkar. Desse undergruppene liknar eit harem med ein dominant hann og fleire hoer, og dessutan ungdyra deira. Kvar gruppe har eit revir og kommunikasjonen skjer med skrik. Hos stubbnaseape finst fleire ulike lydar, og av og til kan kommunikasjonen minna om korsong.

Artane er planteetarar og livnærer seg av bar, knoppar, frukt, blad og frø. Om vinteren et dei òg bark og lav.[2] Dei har ein mage med fleire segment som forbetrar stoffskiftet.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Hoer viser det for hannen når dei er brunstige. Dei tek til dømes augekontakt med hannen og oppsøker sidan ein plass lengre unna frå medlemmar av gruppa. Av og til viser hoa fram kjønnsdelane sine. Etter ei fostertid på cirka 200 dagar føder dei om våren eller sommaren, vanlegvis berre ein unge. Ein kjenner ikkje til kor lenge ungane dier. Dei blir kjønnsmogne i femårsalderen, men den gjennomsnittlege levealderen til apane er ukjend.

Trugsmål[endre | endre wikiteksten]

Alle artane er truga. Tidlegare blei dei jakta for kjøt. Pelsen deira er ifølgje tradisjonell kinesisk medisin eit middel mot leddgikt og liknande sjukdomar. Under det kinesiske keisarriket blei pelsen nytta til seremonielle klede. I dag kjem det største trugsmålet frå forringing av habitata. Berre gylne stubbnaseapar har ein nokoleis levekraftig populasjon med cirka 10 000 individ, men dei er enno lista som sterkt truga av Verdas naturvernunion (IUCN).[3][4]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis reknar ein fem artar til slekta:[5]

  • Gyllen stubbnaseape (Rhinopithecus roxellana) har ein gyllen til raudbrun pels og er den mest kjende og talrike arten. Han lever i sentrale Kina og er lista som sterkt truga av IUCN.
  • Svart stubbnaseape (R. bieti) lever i Yunnan og Tibet og er lista som sterkt truga.
  • Grå stubbnaseape (R. brelichi) lever i fjellområdet Fanjing (òg kalla Wuling) i den kinesiske provinsen Guizhou, og er lista som sterkt truga.
  • R. avunculus lever i Kina og nordlege Vietnam. Bestanden er rekna å vera på 200 individ, og arten er lista som akutt truga.
  • R. strykeri vart funne 2010 i nordlege Myanmar.[6] Pelsfarga er svart. Det finst truleg cirka 300 individ av arten, som er lista som akutt truga.[7]


Dei næraste slektningane til apane er slekta Pygathrix, og av og til blir begge slekter plasserte i eit felles takson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nowak, R. M. (1999) s. 597–599 delvis online
  2. «Stumpfnasenaffen». National Geographic (på tysk) (juni): 140. 2008. 
  3. «Stumpfnasenaffen». National Geographic (på tysk) (juni): 140. 2008. 
  4. Yongcheng, L.; Richardson, M. (2008). «Rhinopithecus». The IUCN Red List of Threatened Species (på engelsk). IUCN. Henta 10. mai 2013. 
  5. Wilson & Reeder (red.) Mammal Species of the World, 2005, Rhinopithecus
  6. Geissmann, T.; Lwin, G.; Aung, S.; Naing Aung, T.; Aung, Z.M.; Hla, T.; Grindley, M.; Momberg, F. (2010). «A new species of Snub-nosed monkey, Genus Rhinopithecus Milne-Edwards, 1872 (Primates, Colobianae), From Northern Kachin State, Northeastern Myanmar». American Journal of Primatology (på engelsk). doi:10.1002/ajp.20894. 
  7. «Stumpfnasenaffen». National Geographic (på tysk) (juni): 140. 2008. 

Trykte kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Thomas Geissmann: Vergleichende Primatologie. Springer-Verlag, 2002, ISBN 3-540-43645-6
  • Ronald M. Nowak: Walker's Mammals of the World. Johns Hopkins University Press, 1999, ISBN 0-8018-5789-9