Stupa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den store stupaen i Sanchi.

Stupa eller dagoba er haug- eller kuppelforma byggverk brukt innan buddhismen til å halda relikviar i og til å symbolisera viktige buddhistiske idear.[1] Stupaen kan vera eit symbol for Buddha og hans frigjering frå gjenføding eller nirvana.[2] Byggverket kan vera fokus for buddhistiske kloster, bønehallar eller tempel. Stupaen kan førast tilbake til grunnleggigna av religionen, og har vore viktige valfartsstader frå byrjinga.[3]

Chaukhandi-stupaen i Sarnath.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Indo-gresk stupa i Sirkap i Taxila i Pakistan.

Stūpa er eit sanskritord; på pali er namnet thūpa.[4]hindi og nærskylde språk er namnet blitt til tōp.[5]sinhalesisk er strukturen kjend som dāgaba (av pali dhātugabbho og sanskrit dhātu-garbha, 'relikvie-haldar').[6]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Stupaen har opphav i den indiske gravhaugskikken caitya, der ein haugla viktige leiarar. Ifølgje Hīnayāna Mahāparinirvāṇa Sūtra bad Buddha sjølv tilhengjarane hans om å minna han og mogleiken for å oppnå nirvana slik.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kvit stupa i Mongolia.
Stupaer ved Wat Pho i Thailand.

Stupaer har typisk form som halvkuler eller klokker. På toppen kan dei ha eit spir og ein eller fleire stiliserte parasollar (chattra).[7] Rundt ein stupa finst det vanlegvis murar og portalar.[2] Det finst også ein veg rundt dei til å utføra rundgang - pradakhshina.

Enkle stupaer er kjegleforma jordhaugar med gjerde rundt som markerer at dei er eit heilag område. Tidlege stupaer som framleis finst er frå Bharhut (100-talet f.Kr.) og Sanchi, begge i Madhya Pradesh i India. Det finst også tidlege døme i Sarnath ved Varanasi og i Nalanda.[3]

Etterkvart blei det vanleg å byggja stupaer i stein eller murstein og kvitkalka dei.[3] Ein kunne også byggja spir på haugen.[4] Stupaer kunne bli stadig meir forseggjorte byggverk, pynta med relieff og medaljongar.[3]

Ein kunne plassera stupaer på soklar eller terrassar, og byggja inn nisjer der ein plasserte religiøse figurar.[3] Innan austasiatisk byggjeskikk blei det også vanleg å byggja stupaer som pagodar, med mange etasjar med enkelttak.[4] Slike pagodar kan vera opptil 60 m høge.[3]

Gyllen stupa i Tibet.
Gyantse Kumbum (stupa)

Nokre stader kunne stupaer gje grunnlag for tempel med fleire etasjar, som i Tibet, der innsida av veggane kan ha freskar som viser den buddhistiske gudeverda. Stupaen i Gyantse frå 1500-talet er velkjend for dette.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bowker, John (2000). «Stūpa». The Concise Oxford Dictionary of World Religions. Oxford University Press. 
  2. 2,0 2,1 «stupa» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Kværne, Per (22. september 2015). «Arkitektur i buddhismen». Store norske leksikon. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Keown, Damien (2004). «stūpa». A Dictionary of Buddhism. Oxford University Press. 
  5. «tope, n.5». OED Online. Oxford University Press. juni 2017. 
  6. «dagoba, n.». OED Online. Oxford University Press. juni 2017. 
  7. James Stevens Curl; Susan Wilson (2015). «stupa». The Oxford Dictionary of Architecture (3 utg.). Oxford University Press. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stupa