Stuttgart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stuttgart
Neues Schloss and Schlossplatz
Neues Schloss and Schlossplatz
Neues Schloss and Schlossplatz
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Stuttgart
Stuttgart is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Stuttgart
Kreisfri by
Ordførar Fritz Kuhn (Bündnis90/Die Grünen)
Geografi
Flatevidd
 - By

207,36 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

597 939
  2 884/km²
Koordinatar 48°46′36″N 09°10′39″EKoordinatar: 48°46′36″N 09°10′39″E
Høgd over havet 247 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 70173–70619
Telefon-retningsnummer 0711
Bilnummer S
Nettstad: www.stuttgart.de

Stuttgart er ein by sørvest i Tyskland og hovudstad i delstaten Baden-Württemberg. Byen har kring 597 000 innbyggjarar (2012). Stuttgart er eit viktig knutepunkt for jarnvegar og motorvegar, Byen har òg ei viktig hamn ved elva Neckar.

Byen er velkjend for sine mange høgteknologiske føretak. Stuttgart er ein av dei viktigaste og rikaste byane sør i Tyskland.

Stuttgartregionen har størst tettleik i Tyskland når det gjeld vitskaplege, akademiske og forskingsretta arbeidsplassar. I byen finst det to universitet, åtte faghøgskular, to Max-Planck-institutt og mange andre forskingsinstitutt.

Stuttgart, som er hovudsete for Porsche og DaimlerChrysler, vert sedd på som ein av fire bil-hovudstader i verda. Dei andre er Toyota i Japan, Detroit i USA og Torino i Italia.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Stuttgart ligg nær både skogen Schwarzwald og platået Schwabisk Alb. Sentrum av byen ligg i ein frodig dal med vinranker og skogar, nær elva Neckar, og dekkjer eit areal på 207 km². Stuttgart ligg i eit storbyområde som omfattar dei nærliggande byane Ludwigsburg, Böblingen, Esslingen, Waiblingen, Göppingen, og er ein av dei best kjende tyske byane. Storbyområdet rundt Stuttgart er det fjerde største i Tyskland etter Ruhr-området, Rhinen/Main-området og Berlin. Nabobyar er Frankfurt am Main (210 km nord for Stuttgart), Nürnberg (200 km nordaust for Stuttgart) og München (220 km søraust for Stuttgart).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stuttgart om lag 1890-1900

Byvåpenet til Stuttgart viser ein svart hest på to bein over ein gul eller gullfarga bakgrunn. Det er eit talande våpen sidan namnet Stuttgart gjennom åra har endra seg frå Stutengarten, som er tysk for stutteri. Stuttgart vart grunnlagd om lag år 950 av hertug Liudolf av Schwaben, ein av sønene til keisar Otto den store, og vart nytta til avl av hestar, særleg for faren sitt kavaleri.

Rundt 1300 vart Stuttgart residens for hertugane av Württemberg. I 1496 vart grevane forfremma til hertugar av Det tysk-romerske riket. Då Napoleon Bonaparte braut opp Det tysk-romerske riket fekk hertugane av Württemberg titlar som kongar i 1805, og Stuttgart vart ein kongeleg residensby.

Namnet på den kongeleg familien av Württemberg og på delstaten har sitt opphav i ein bratt ås i Stuttgart, som tidlegare vart kalla Wirtemberg, og i dag Württemberg. På toppen av denne åsen står det eit mausoleum frå 1824 der dronning Katharina (dotter av Tsar Paul I av Russland) og Kong Vilhelm I av Württemberg ligg gravlagd.

Under den tyske revolusjonen i 1848 vart eit demokratisk vald nasjonalt parlament (Frankfurtparlamentet) oppretta i Frankfurt for å unngå deling av Tyskland. Etter lange diskusjonar valde parlamentet å tilby tittelen som tysk keisar til Kong Frederik Vilhelm IV av Preussen. Sidan den demokratiske rørsla vart svakare fekk dei tyske prinsane igjen kontroll over sine sjølvstendige statar. Til slutt avslo den prøyssiske kongen forslaget til dei revolusjonære. Medlemmane av parlamentet vart driven bort frå Frankfurt, og dei mest radikale medlemmane (dei som ville opprette ein republikk) flykta til Stuttgart. Kort tid etter var dette parlamentet oppløyst av militæret i Württemberg.

I 1871 vart Württemberg ein del av Det tyske keisarriket, oppretta av Otto von Bismarck, Statsminister av Preussen, under samlinga av Tyskland. Etter den første verdskrigen vart monarkiet brote ned og Fristaten Württemberg vart oppretta, som ein del av Weimarrepublikken. I 1920 var Stuttgart sete for den tyske nasjonalregjeringa (sidan administrasjonen måtte flykta frå Berlin). Under den andre verdskrigen vart sentrum av Stuttgart nesten heilt øydelagd av dei allierte sine flyåtak.

I 1945 tok dei allierte styrkane kontroll over Tyskland. Dei slo saman dei tidlegare tyske statane Baden og Württemberg til den nye demokratiske staten Baden-Württemberg og i 1952 vart Stuttgart hovudstad etter ei folkeavstemming.

Rådhuset i Stuttgart

Etter den andre verdskrigen vart ei tidleg utgåve av Marshallplanen for å byggje opp att Europa økonomisk og politisk lagd fram av den amerikanske statssekretæren James F. Byrnes ved operahuset i Stuttgart. Denne talen førte til at dei britiske og amerikanske okkupasjonssonene vart slått saman, og to år seinare, i 1948, vart den franske sonen og ein del av dette området. Dette la grunnlaget for Vest-Tyskland. Stuttgart og Frankfurt var begge heite kandidatar som hovudstad i den nye republikken, men valet fall til slutt på Bonn.

Seint i 1970-åra var bydelen Stammheim åstad for ein av dei mest kontroversielle periodane i Tyskland etter krigen: Rote Armee Fraktion-rettssaka i Stammheim og sjølvmorda til Ulrike Meinhof, Andreas Baader, Gudrun Ensslin og Jan-Carl Raspe (som alle sat fengsla i Stammheim-fengselet). Rettssaka og perioden etter førte til fleire nye terroriståtak for å frigje innsette. Hausten 1977 vart kalla den tyske hausten der leiaren av den tyske arbeidsgjevarforeninga Hanns Martin Schleyer vart ført bort og myrda og eit Lufthansa-fly vart kapra og ført til Mogadishu (Landshut-kapringa).

Under den kalde krigen vart felleskommandosenteret for dei amerikanske styrkane i Europa, Afrika og Atlanterhavet flytta til Stuttgart. EUCOM har framleis hovudkvarter her i dag.

Stader[endre | endre wikiteksten]

I bysentrum finst slottsplassen (Schlossplatz), den største plassen i byen. Like ved plassen ligg Nyslottet (Neue Schloss) og Det gamle slottet i Stuttgart (Altes Schloss) og Schlossgarten, ein park som går ned til byelva Neckar.

Folk med tilknyting til Stuttgart[endre | endre wikiteksten]

Panoramabilete over Stuttgart[endre | endre wikiteksten]

Panoramablikk over sentrum av Stuttgart sett frå Kräherwald

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stuttgart
Reiseguide for Stuttgart frå Wikivoyage