Styggedalstindane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Styggedalstindane
fjell
none  Styggedalstind til høgre. Jervvasstind til venstre. Sett frå Fannaråki.
Styggedalstind til høgre. Jervvasstind til venstre. Sett frå Fannaråki.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Luster (Sogn og Fjordane)
Fjelltrakt Jotunheimen
Høgd 2 387 moh
Primærfaktor 155 m
Koordinatar 61°27′52″N 7°54′5″EKoordinatar: 61°27′52″N 7°54′5″E

Styggedalstindane (2387 moh.), også kalla Styggedalstindene, inneheld det fjerde høgaste fjellet i Noreg, Store Styggedalstind. Det er ein fjellrygg som utgjer ein del av den større ryggen Styggedals- og Skagastølsryggen i fjellområdet Hurrungane sørvest i Jotunheimen. Styggedalstindane ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Ryggen, som ligg mellom Sentraltind i vest og Jervvasstind i aust, er rundt 800 meter lang og går i aust-vestleg retning. Ryggen er smal med bratt nord- og sørside. Ryggen har to toppunkt, Austtoppen (2387 moh.) og Vesttoppen (2383 moh.), som ligg rundt 300 m fra hverandre.

Styggedalstinden (Austtoppen) er det fjerde høgaste fjellet i Noreg. Sjølv om Vesttoppen òg er eit toppunkt, og høgdemessig er kvalifisert til å kallast det femte høgaste fjellet i Noreg, er han normalt ikkje med i lister over dei høgaste fjella ettersom han har ein primærfaktor på berre 25 m.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]