Hopp til innhald

Stylus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romersk bronsestylus med løvehovud. Den breie enden blir nytta til å glatta vokstavla med og den spisse enden blir nytta til skriving.
Fire stylusar frå mellomalderen. To er av jern, ein av messing og ein av bein.
Stylus funnen i Birka.
Vokstavle med stylus.

Ein stylus er ein liten penn i eit hardt materiale som blir brukt til å skriva eller peika med, tradisjonelt på leirtavler og i moderne tid på handhaldne datamaskinar. Den tradisjonelle skrivereiskapen blei laga av bein eller metall. Moderne stylusar blir laga av hard plast.

Stylusen er kjend heilt frå 3000-talet f.Kr., då han blei brukt til å skrive kileskrift. Ordet «stylus» har opphav frå det greske ordet στυλος, ‘søyle’. Gjennom etruskisk blei det til det latinske ordet stilus.

I antikken var ein stylus ein stift av bronse som ein brukte for å skriva med på ei vokstavle. Sidan byrjinga av 1100-talet brukte ein òg mjukare metall som bly, sølv eller tinn, men òg bein, horn og tre. Sidan 1200-talet har dei fleste stylusar hatt ein metalltorn i spissen og eit firkanta eller eit breitt utvida hovud som ein kan nytta til å glatta ut det som er skrive og dermed nytta tavla igjen.[1]

Griffel er ei anna nemning for ein liknande skrivereiskap som stammar frå gresk γραφειον, grapheion, ‘skriva’. I seinare tid var griffel ein vanleg reiskap laga av skifer som blei nytta til å skriva med på tavler som også var laga av skifer.

I 1957 introduserte Tom Dimond ein styluspenn som ein reiskap til eit elektronisk instrument. Sidan har blant anna Nintendo nytta styluspennar til sine handhaldne spelkonsollar.[2]

  1. Schwarz-Mackensen 1976
  2. «Stylus Pen». Arkivert frå originalen 2. marts 2014. Henta 25. april 2021.
  • Denne artikkelen bygger på «Stylus» frå Wikipedia på dansk, den 27. mai 2026.
  • Else Roesdal (red.), Daglig liv i Danmarks middelalder – en arkæologisk kulturhistorie. Aarhus 2004.
  • Gesine Schhwarz-Mackensen, Die Knochennadeln von Haithabu. (Berichte über die Ausgrabungen in Haithabu 9), Neumünster 1976.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Stylus