Stymfalíasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stymfalía
innsjø
Stymfalia south 2006.jpg
Utsyn over Stymfalía i 2006.
Foto: Ulrich Tichy
Land Flag of Greece.svg Hellas

Stymfalíasjøen (gresk Λίμνη Στυμφαλία, Límni Stymfalía) er ein innsjø nordaust på Peloponnes i periferieininga Korinthía i Hellas. Sjøen er ein typisk karstsjø. Han får mykje av vatnet sitt frå bekkar, medan det renn ut gjennom underjordiske bekkar og ein kanal.

Rundt sjøen ligg eit våtmarksområde, men vanlegvis er landet rundt innsjøen likevel ganske tørt. Ein finn ei blanding av krattskog og jordbruk der. Nokre år tørker sjøen inn, og blir då nytta for jordbruk.

Området er rikt på fuglar, amfibiar og planteliv. Kvitaugeand (Aythya nyroca) og dvergraudrum (Ixobrychus minutus) hekker her.[1]

Historikaren Strabo (ca. 64 f.Kr-23 e.Kr.) skildra sjøen som ikkje hadde synlege utløp. Han meinte vatnet rann ut nær Kefalári sørom Árgos.[2]

Området er òg nemnd i gresk mytologi i samband med dei stymfaliske fuglane, som plaga dei arkadiske skogane nær innsjøen. Herakles si sjette arbeidsoppgåve var å få has på dei.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife IBA Factsheet
  2. Stymphalia ved showcaves.com
  3. Ron Leadbetter «Stymphalian Birds.» Encyclopedia Mythica http://www.pantheon.org/articles/s/stymphalian_birds.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]