Styrvol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Styrvol og styrtunge. Teikna av C.F. Diriks.

Styrvol, eller styrvålt, er ei lang stong som går framover til høvedsmannrommet frå eit tverrtre kalla «styrtunga», som er festa til roret[1]. Roret (styret) blir så svinga ved å dra i styrvolen. På nokre båtar kunne det byttast over frå side til side, slik at høvedsmannen under seilas kunne sitta i lo side[1]. På båtar med løfting, som åttringar og fembøringar sat gjerne styrtunga fast på styrbord side.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 A. Klepp, Nordlandsbåter og båter fra Trøndelag. Norske båter bind IV, Grøndahl & søn forlag AS, 1983.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]