Stytting

Ein stytting (dial. ofte støtting) er ein kort og oftast relativ brei slede. Styttingar kan vera laga for å bli dregne av trekkdyr (oftast hest), eller for å bli dregne av folk. Ordet blir særleg bruka om ein type tømmerslede, men i nyare tid finst ordet òg i samansetjinga sparkstytting.
Før traktorar og sjølvgåande skogsmaskinar vart tekne i bruk vart mykje av tømmeret i Noreg køyrt fram på stytting eller med lunnedrag. Desse styttingane hadde korte meiar med ein tverrstokk som grovenden av tømmeret kvilte på. Lastehøgda var om lag 30 til 40 cm, slik at tømmeret kunne rullast opp frå sida. Tømmerstyttingar vart tradisjonelt laga av kraftig trevirke, men på 1950-talet vart det òg laga nokre av stål. Det vart nytta reiskap som handspik, spett og tømmersaks under lasting og lossing.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Heimelaga stuttimg.
-
Nærbilete av heimelaga stutting.
-
Stutting frp Røros.
-
Grov granstokk på stutting.
-
Hankekjøring av tømmer i Vestre Gausdal i Oppland vinteren 1967.
-
Tømmerkjøring fra Rognmo statsskog i Målselv.
-
Skogshest med stytting på ein tømmerveg i Vestre Gausdal vinteren 1967. Hesten står og et på ein høytapp.
-
Faksimile av framsidebilete frå bladet Produsenten, som vart utgjeve av Landbrukets sentralforbund. Denne utgåva er nr. 4 1961, og kom i april dette året. Biletet syner ein dølahest som er spent føre ein stutting med tre etter måten granne bårka tømmerstokkar.