Ståle Kleiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ståle Kleiberg

Fødd8. mars 1958 (66 år)
FødestadStavanger kommune
OpphavNoreg
Verka somkomponist, musikkforskar

Ståle Kleiberg (fødd 8. mars 1958 i Stavanger) er ein norsk komponist, professor og skribent. Han er filolog frå Universitetet i Oslo, med musikk, allmennlitteratur og nordisk i fagkrinsen; i tillegg har han diplomeksamen i komposisjon frå Norges Musikkhøgskole og komposisjonsstudiar i England. Kleiberg er professor i komposisjon og musikkvitskap ved NTNU i Trondheim. Han har forska på fransk og norsk musikk frå 1900-talet, og på tysk musikk frå andre halvdel av 1700-talet. Han er medredaktør i Norges musikkhistorie. Kleiberg fekk Fartein Valen-stipendet i 1999 og blei vald til årets komponist av Trondheim symfoniorkester for sesongen 2000-2001.

Kleiberg har skrive ei rekkje komposisjonar i ulike genrar. Noko av det første han skreiv var ein syklus med Haugtussa-songar, med utgangspunkt i Garborgs kjende verk. Hans Requiem for the victims of Nazi persecution er framført med suksess i ei rekkje land. Verket blei mellom anna framført i Washington National Cathedral den 11. september 2004, altså på minnedagen for terroråtaka i New York og Washington. Komposisjonen Rosevinduet er dels inspirert av Gabriel Kiellands kunstverk i Nidarosdomen, dels av Stein Mehrens dikt på same tema. Symfonien med tittelen Klokkeskjæret og orkesterverket Lamento: Cissi Klein in memoriam har òg nådd vidt ut.

Nokre komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

  • David and Bathsheba (2008), opera
  • Dopo, cellokonsert
  • Haugtussa-sanger (syklus)
  • Klokkeskjæret, symfoni
  • Konsert for fiolin og orkester (2005)
  • Konsert for kontrabass og orkester (1999)
  • Lamento: Cissi Klein in memoriam, for orkester
  • Requiem for the victims of Nazi persecution, for 3 solistar, kor og orkester
  • Rosevinduet (1992), for kammerorkester og resitatør
  • Sonate for fløyte og piano (1987)
  • String quartet (1985)
  • Two poems by Montale (1986), for fløyte, obo, sopran og piano
  • Three Shakespeare sonnets (1982)
  • Trio for fiolin, cello og piano (1994)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]