Støvlar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gummistøvlar.

Støvlar (mellomnorsk styfill, gjennom lågtysk, frå italiensk stivale) er høgt fottøy som minst når noko opp på leggen, men ofte til litt under knea. Støvlar blir nytta når ein går i snø eller vått lende, driv med gards- eller skogsarbeid, fiske, osb. Moderne støvlar er som oftast laga av syntetiske materialar som gummi og plast. Før ein fekk slike materiale vart dei laga av skinn, som laut smørast med til dømes tran eller bek for å verta tette. Høge støvlar blir av og til kalla «skaftestøvlar».

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.