SuWt 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SuWt 2

Bilete av SuWt 2 teke frå Cerro Tololo interamerikanske observatorium. Biletet er omtrent 17 lysår breitt.
Observasjonsdata
(epoke J2000)
Rektasensjon13t 55m 43,23s
Deklinasjon-59° 22′ 40,03″
Avstand6500 lysår
StjernebileteKentauren
Fysisike kjenneteikn
Spesielle trekktrippelstjernesystem
Sjå òg planetarisk tåka og kategorien over planetarisk tåker

SuWt 2 er ei planetarisk tåka som ligg rundt 6500 lysår unna jorda i stjernebiletet Kentauren. Den kvite dvergen som gjev energi i form av ultrafiolett stråling til tåka er enno ikkje funnen. I staden er det i midten av tåka funne eit binærstjernesystem samansett av to spektralklasse A-stjerner, som ikkje sender ut energirik nok stråling til å ionisera tåka.

Slik tenkjer astronomar at utviklinga til trippelsystemet gjekk føre seg.

Astronomar tenkjer seg at dei tre stjernene i tåka blei fødde samstundes, der den eine var meir massiv enn dei to andre som krinsa rundt ein annan. Den tyngre stjerna utvikla seg raskast og blei etter kvart til ei raud kjempa som kasta av seg dei ytra laga av materie, materie som seinare kunne bli til ei planetarisk tåka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]