Subkultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Medlemmer av rocker-subkulturen, som oppstod i Storbritannia på 1950-talet.

Subkultur er ei gruppe som skil seg ut frå ein større og meir utbreidd kultur gjennom særmerke som haldningar, språk, symbol, gjenstander eller kunnskap.[1] Medlemmar av ein subkultur definerer seg sjølv medvite som ulike frå majoritetskulturen,[2] med ulike normer og verdiar.[3] Subkulturar kan låna symbol, verdiar og tru frå majoritetskulturen, men ofte forsterka, forandare eller snudd om på.[4] I nokre høve kan dei definera seg i opposisjon til majoritetskulturen, og kan då kallast ein motkultur.[1] Subkulturar kan byggja på ungdomskultur, gjengar, yrkesgrupper, religion, etnisk tilhøyre, seksuell orientering[5] eller felles interesser som musikk, idrett[6] eller ulike hobbyar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Calhoun, Craig, red. (2002), «subculture», Dictionary of the Social Sciences, Oxford Reference. Oxford University Press, henta 21 Oct. 2016 
  2. Buchanan, Ian, «subculture», A Dictionary of Critical Theory, Oxford University Press, 2010. Oxford Reference. 2010, henta 21 Oct. 2016 
  3. Darvill, Timothy, «subculture», The Concise Oxford Dictionary of Archaeology, Oxford University Press, 2008. Oxford Reference. 2009, henta 21 Oct. 2016 
  4. Scott, John. (red.), «subculture», A Dictionary of Sociology, henta 21 Oct. 2016  Den ukjende parameteren |pbulsiher= vart ignorert (hjelp)
  5. Chandler, Daniel; Rod Munday, «subculture», A Dictionary of Media and Communication, Oxford University Press. Oxford Reference. 2016, henta 21 Oct. 2016 
  6. Tomlinson, Alan, «subculture», A Dictionary of Sports Studies, Oxford University Press, 2010. Oxford Reference. 2010, henta 21 Oct. 2016 
Spire Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.