Sudair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sudair
region
Land  Saudi-Arabia
Kart
Sudair
26°00′23″N 45°19′49″E / 26.006421°N 45.330397°E / 26.006421; 45.330397

Sudair eller Sudayr (arabisk سدير) er ein historisk region i Najd sentralt i Saudi-Arabia, kring 150 km nord for den saudiarabiske hovudstaden, Riyadh. Regionen ligg i ein dal like aust for Tweig-skrenten, som kryssar Najd frå Sudair i nord til nær Wadi ad-Dawasir i sør.

Før moderne tid var regionen, som det meste av resten av Najd, avhenging av at ein klarte å halde på regnvatnet i dalen, og innbyggjarane dyrka hovudsakleg korn og dadlar. Den lokale varianten av dadlar i Sudair vert kalla kudry, og er mørkare på farge og har ein sterkare smak enn andre variantar av dadlar frå landet. Lokalt vert dadlane rekna for å vere av dårleg kvalitet, medan dei er kostbare i utlandet.

Hovudbyen i Sudair har tradisjonelt vore Hautat Sudair og Al Majma'ah, medan andre byar og landsbyar i regionen er Harmah, Jalajil, Arrawdah, Attwaim, Al-Ghat, Oshairah, al Awdah, Attar og Junaifi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sudair