Sutherland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sudrland)
Sutherland
region
Land  Storbritannia
Del av Skottland
Folketal 12 650 (2011)[1]
Kart
Sutherland
58°04′55″N 4°01′56″W / 58.08204°N 4.032167°W / 58.08204; -4.032167
Sutherland slik det var avgrensa i 1890.
Sutherland slik det var avgrensa i 1890.
Sutherland slik det var avgrensa i 1890.
Wikimedia Commons: Sutherland

Sutherland (gælisk Cataibh) er eit historisk fylke og eit administrativt område innanfor Highland i Skottland. Det er også ein skotsk valkrins og statthaldarområde i Skottland.

Sutherland er svært skrint folkesett. Den einaste burghen er landsbyen Dornoch. Andre busetnader er mellom anna Lairg, Brora, Durness, Tongue, Golspie, Helmsdale, Lochinver og Kinlochbervie.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Sutherland» er avleidd frå den norrøne Súðrland, som tyder ‘Sørlandet’. Dei norske innflyttarane omtalt Hebridane som Súðreyjar (‘Sørøyane’) fordi begge låg sør for Noreg og ikkje minst Orknøyane, Shetlandsøyane (Hjaltlandauga) og Færøyane.

Det gæliske namnet Cataibh kan nyttast for heile landet, men blei tradisjonelt berre nytta for det søraustlege området, og Dùthaich MhicAoidh (MacKay-fylket) for nordvestlege området. Sistnemnde blei nokre gonger referert til som fylket Reay på engelsk. Cataibh kan avleiast frå Cat People (‘Kattefolket’), slik det første elementet «Cat» er «Cait» i Caithness. Det skotske gæliske namnet for Caithness er derimot Gaillaibh, som tyder ‘Landet til dei framande’ eller indirekte ‘Landet til nordmennene’.

Dagens Sutherland[endre | endre wikiteksten]

Sutherland var eit fylke med lokalt styre fram til 1975. Det hadde sitt eige fylkesråd frå 1890 til 1975, og namnet var òg brukt for eit distrikt i Highlandsregionen som varte frå 1975 til 1996, og valkrinsen Sutherland for Det britiske parlamentet frå 1708 til 1918. Grensene for Sutherland er ikkje identiske i alle dei øvrige samanhengane.

Fylket grensar mot Caithness i nord og aust, og fylka Ross og Cromarty i sør.

I 1975 blei fylket delt mellom dei nye administrative distrikta med namna Sutherland og Caithness med eit område rundt Stathnaver som blei ein del av distriktet Caithness (som òg inkluderte området for fylket Caithness). Likevel vart grensene mellom distrikta kort tid etter teikna opp på nytt for å følgja dei tilsvarande som var mellom fylka.

Distriktet høyrde til eit to-lagssystem av lokalt styre, med lokale styringsfunksjonar delt mellom distriktsrådet og regionrådet til Highland. I 1996 fekk regionen ein felles autoritet og distriktet blei nedlagt, men det felles rådet for Highland heldt fram med å bruka namnet for det administrative området.

Valkrinsen[endre | endre wikiteksten]

Sutherland-valkrinsen for Underhuset i Det britiske parlamentet representerte fylket frå 1708 til 1918. På same tid var derimot fylkesbyen Dornoch representert som ein komponent for valkrinsen av dei nordlege burghane.

I 1918 blei Sutherland-valkrinsen og Dornoch slått saman til den nye valkrinsen Caithness og Sutherland. I 1997 blei Caithness og Sutherland slått saman til Caithness, Sutherland og Easter Ross.

Valkrinsen for det skotske parlamentet blei oppretta i 1999, sett saman av Caithness, Sutherland og Easter Ross. Han har grenser som er noko ulike dei som gjeld for valkrinsen til det britiske Underhuset. I det skotske parlamentet er Sutherland òg representert som ein del av valregionen til Høglanda og øyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sutherland