Sūduva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Suduva)
Etnografiske regionar i Litaen der Suduva er merkt med lys oransje.

Sūduva eller Sudovia (litauisk Sūduva eller Suvalkija, polsk Suwalszczyzna eller Jaćwież; tysk Sudauen) er eit område nordaust i Polen og sør i Litauen. Det er òg rekna som ein av dei etnografiske regionane i Litauen. Suwałki er den største byen i Suduva i Polen og Marijampolė vert rekna som hovudstad i regionen i Litauen. Eit lite grenseområde rundt byane Suwałki og Sejny (kalla Suvalkairegionen) vart emne i ein strid mellom Litauen og Polen etter den første verdskrigen

Namnet på området kjem frå dei gamle sudovarane, ei baltisk stamme som levde i området. Dei vart erobra og assmiliert med litauarar, polakkar og tyske riddarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]