Sufa i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sufa
סוּפָה
kibbutz
Land  Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°14′14.28″N 34°20′29.04″E / 31.2373000°N 34.3414000°E / 31.2373000; 34.3414000
Folketal 234 (2015)
Grunnlagd 1982
 - Grunnlagd av evakuerte nybyggjarar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Sufa i Israel
31°14′14″N 34°20′29″E / 31.2373°N 34.3414°E / 31.2373; 34.3414
Nettstad: www.sufa.org

Sufa (hebraisk skrift סוּפָה, tyder Storm) er ein kibbutz i Hevel Shalom-området nordvest i Negev og ein grenseovergang mellom Israel og Gazastripa.

Kibbutzen[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen ligg i Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 241 innbyggjarar. Han vart grunnlagd i 1982 av tidlegare innbyggjarar i Sufa, ei israelsk busetjingSinai som vart evakuert som eit ledd i den egyptisk-israelske fredsavtalen. Namnet kjem frå kraftige sandstormar som pleidde å råke den opphavlege busetnaden. Nord for kibbutzen, der Nirim låg frå 1946 til 1949, ligg minnesmerke «Dangur», til minne om dei åtte falne soldatane i det egyptiske åtaket på Nirim.[1]

Grenseovergangen[endre | endre wikiteksten]

Sufa grenseovergang var tidlegare open for palestinarar som arbeidde på israelske gardar. Under den andre Intifada vart grenseovergangen og militærbasen like ved utsett for fleire palestinske åtak, og overgangen har i periodar vore stengd.[2][3] I oktober 2007 vart overgangen lukka, og Kerem Shalom var den einaste vegen over grensa. I november, trass motstand i IDF, som meinte det var vanskelegare å vakte over denne overgangen enn Kerem Shalom, valde viseforsvarsministeren Matan Vilnai å opne opp att overgangen.[4] Han har sidan blitt nytta til å transporte humanitær hjelp til Gazastripa.[5]

I mai 2008 vart overgangen igjen lukka etter eit bombekastaråtak som skadde ein israelsk soldat.[6] Eit par dagar seinare protesterte tusenvis av palestinarar mot den israelske blokaden. Seks personar skal ha blitt skadde av IDF under demonstrasjonen.[7] On June 1, about forty israelske farmers protested at the crossing, in a bid to stop the transportation of goods into the Strip despite the ongoing Qassam rocket barrages.[6][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 387–388. ISBN 965-7184-34-7. (he)
  2. Dei sameinte nasjonane. The Gazastripa: Access Report January 2006 (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 13. oktober 2009. Henta 9. september 2015. 
  3. Jissakaroff, Avi (4. oktober 2014). «Crossings used to bring aid into Gaza closed due to terror alerts». Haaretz. Henta 9. september 2015. 
  4. «Vilnai Opens Sufa Crossing Despite IDF Objections». Arutz Sheva. 15. november 2007. Henta 9. september 2015. 
  5. «Humanitarian assistance to Gaza since Feb 27 escalation in terror». Israelsk utanriksdepartement. Henta 9. september 2015. 
  6. 6,0 6,1 Haaretz Service (1. juni 2008). «IDF soldier moderately wounded by palestinsk fire in south Gaza». Haaretz. Henta 9. september 2015. [daud lenkje]
  7. Waked, Ali (30. mai 2008). «Report: 6 Palestinians injured by IDF fire in Gaza». Ynetnews. Henta 9. september 2015. 
  8. Atlas, Yonat. «Farmers protest at Sufa crossing against ongoing rocket barrages». Ynetnews. Henta 9. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]