Sugar and Spice av The Searchers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sugar and Spice
Singel av The Searchers
B-side «Saints and Searchers»
Utgjeve 1963
Sjanger Merseybeat
Selskap Pye 7N15566 (UK)
Liberty 55646 and 55689 (US)
Låtskrivar(ar) Fred Nightingale
The Searchers-kronologi
«Sweets for My Sweet»
(1963)
Sugar and Spice «Sweet Nothins»
(1963)


«Sugar and Spice» er ein song frå 1963 av Merseybeat-bandet The Searchers, skriven av Tony Hatch under pseudonymet til Fred Nightingale.[1] Songen nådde andreplassen på den britiske hitlista (på Pye) og 44. plassen på den amerikanske hitlista.[2][3]

Låtskrivaren og produsenten for «Sugar and Spice», Tony Hatch, hadde produsert dei førre singlane til The Searchers: ein cover av The Drifters sin «Sweets for My Sweet» som hadde nådd toppen av den britiske singellista. Hatch hadde skrive «Sugar and Spice» i same stil som «Sweets for My Sweet», og gav songen til The Searchers som ein song av den då ukjende låtskrivaren Fred Nightingale, sidan Hatch følte at gruppa ville avvise songen om dei visste at det var han sjølv som hadde skrive songen.

Den første linja i refrenget, «Sugar and spice and all things nice» er ein referanse til barneregla What Are Little Girls Made Of?, medan den andre linja i refrenget er tittele på ein kjend Pete Seeger/ Lee Hays-song kalla «Kisses Sweeter than Wine».

The Searchers spelte òg inn ein tyskspråkleg versjon av songen kalla «Süß ist sie» [1], og ein fransk versjon kalla «C'est de notre age». [2], gjeven ut i begge landa på det franske selskapet Disques Vogue.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andree versjonar av songen er spelt inn av The Cryan' Shames i 1966.[4] Songen vart ein lokal og regional hit for bandet og han nådde etter kvart 49. plassen på Billboard Hot 100-lista.[5] The Cryan' Shames si utgåve av songen kom ut på samleplata Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Searchers Biography». Allmusic. Henta 18. mars 2018. 
  2. «The Searchers». British Invasion Bands. Henta 18. mars 2018. 
  3. «The Searchers...». Liverpool Beat. Henta 18. mars 2018. 
  4. «Band History Part One». The Cryan' Shames Official. Henta 18. mars 2018. 
  5. «Sugar & Spice (Warner) Review». Allmusic. Henta 18. mars 2018. 
  6. «Sugar and Spice The Cryan' Shames». Allmusic. Henta 18. mars 2018.