Suite: Judy Blue Eyes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suite: Judy Blue Eyes
Singel av Crosby, Stills & Nash
frå albumet Crosby, Stills & Nash
B-side «Long Time Gone»
Utgjeve september 1969
Innspelt 1969
Sjanger Rock, folkrock
Lengd 7:28 (albumutgåva)
4:35 (singelutgåva)
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Stephen Stills
Produsent Bill Halverson
David Crosby
Graham Nash
Stephen Stills
Crosby, Stills & Nash-kronologi
«Marrakesh Express»
(1969)
Suite: Judy Blue Eyes «Woodstock» (1970)


«Suite: Judy Blue Eyes» er ein suite av kortare songar skriven av Stephen Stills og framført av Crosby, Stills & Nash. Songen kom ut på debutalbumet til bandet i 1969 og vart òg gjeven ut som singel. Singelen nådde 21. plass på den amerikanske singellista og er rangert på 426. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Gruppa har spelt songen mange gonger, mellom anna på Woodstock og Live Aid festivalane. Tittelen kan vere eit ordspel for «Sweet Judy Blue Eyes», samt at songen kan reknast som ein musikalsk suite.

Den akustiske gitaren i songen er stemnd med ei særs uvanleg stemming. I staden for den tradisjonelle EADGBE, er han stemnd EEEEBE, som òg vert kalla «Bruce Palmer Modal Tuning».[1] Stills nytta den same stemminga for «4+20». Han nyttar òg ei liknande stemming for «Carry On», men alle tonane er då droppa ein halvtone.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tittelen viser til den tidlegare kjærasten til Stephen Stills', låtskrivaren Judy Collins og teksten omhandlar tankar om henne og det truande brotet i forholdet deira. Collins er kjend for dei gjennomtrengande blå augo sine.

Collins og Stills hadde møtt kvarandre i 1967 og var i eit forhold i lag i to år. I 1969 deltok ho i New York Shakespeare Festival-musikalen Peer Gynt og hadde vorte forelska i medspelaren Stacy Keach. Ho forlet etter kvart Stills for Keach. Stills var så ute av seg på grunn av det føreståande brotet at han skreiv denne songen. I eit intervju i 2000 gav Collins uttrykk for tankane sine då ha først høyrte songen:

«[Stephen] kom til der eg song ein kveld på vestkysten og han tok med seg gitaren til hotellet og song med 'Suite: Judy Blue Eyes', heile songen. Og selvfølgeleg har songen linjene som referer til terapien min. Så han vov alt det saman til denne praktfulle skapinga. Så arva etter forholdet vårt er utan tvil i den songen.»

Gruppa Crosby, Stills og Nash vart skapt for denne songen. Stephen Stills og David Crosby hadde leika med ideen om å lage ein vokaltrio ei stund, men hadde ikkje funne ein passande tredje person. Av dei som vart vurdert var John Sebastian frå The Lovin' Spoonful. Ein kveld var dei to på ein fest hos Mama Cass Elliot. Stills og Crosby øvde der på ein ny song dei hadde laga, kalla «You Don't Have to Cry».[2] Då dei var ferdige bad ein av dei andre gjestene, Graham Nash, som hadde møtt Crosby då dei spelte i sine tidlegare band, om å spele songen eit par gonger til. Etter å ha lytta til songen, slo Nash seg med la ein høgare tredje harmonivokal over dei to andre stemmene. Crosby og Stills hadde funne den tredje partnaren sin.

Seksjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har fire hovuddelar

Første del[endre | endre wikiteksten]

Denne seksjonen er ein tradisjonell popsong. Han har refrenget «I am yours, you are mine, you are what you are». Partiet varer om lag 2:55. Han har ein solo sungen av Stephen Stills. David Crosby og Graham Nash syng harmonivokal.

Andre del[endre | endre wikiteksten]

Denne seksjonen er meir langsam og er sungen solo av Stephen Stills. Han varer frå 2:55 til 4:43.

Tredje del[endre | endre wikiteksten]

Denne delen er meir livleg og har meir poetisk tekst. Han starta kring 4:43 og varer til 6:25.

Fjerde del[endre | endre wikiteksten]

Den fjerde delen, avslutninga, er sungen på spansk. Delen starta kring 6:34 og varer til slutten av songen. «Doo-doo-doot»-vokalen gjer teksten vanskeleg å forstå.

Denne delen har vorte parodiert mange gonger, mellom anna i Frank Zappa-songane «Billy the Mountain» og «Magdalena» på The Mothers of Invention-albumet Just Another Band From L.A.. Han er òg sampla i 2010 av Cypress Hill på songen «Armada Latina».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cauffiel, Lowell (januar 1976), Stephen Stills (cover article), http://www.suitelorraine.com/suitelorraine/Pages/gplayer76.html 
  2. CSN: Song Their Way Home