Sukhyj-limanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sukhyjestuaret
Sukhyj-limanen
estuar
Sjøsida av estuaret
Land  Ukraina
Del av Svartehavet
Byar Odessa
elv Dalnyk, Akkarzjanka
Stad Svartehavet
 - koordinatar 46°20′N 30°38′E / 46.333°N 30.633°E / 46.333; 30.633
Lengd 7,2 km
Areal 5,7 km²
Saltinnhald 10-18 ‰
Kart
Sukhyj-limanen
46°20′00″N 30°38′00″E / 46.333333°N 30.633333°E / 46.333333; 30.633333
Wikimedia Commons: Sukhyi Estuary

Sukhyjestuaret eller Sukhyj-limanen (ukrainsk Сухий лиман, ‘tørka estuar’), er eit ope estuar nordvest i Svartehavet, nær byane Odessa og Illitsjivsk i Ukraina. I 1957 vart estuaret opna til sjøen via ein 14 meter djup skipskanal og estuaret vart då i røynda ei bukt. Den øvre delen av estauret er grunnare, opp til 1,5 meter. Dei nordlege og vestlege delane er skilde av ei kunstig demning og omgjort til ferskvassjøar. Elva Dalnyk renn ut i estuaret.

Namnet tyder «det tørre estuaret» og kjem av at i tida då det ikkje hadde direkte samband til Svartehavet, så tørka det ofte inn, stundom til berre ein 1 km². Det tidlegare namnet Kleinliebenthalestuaret kjem frå tyske Kleinliebenthal, «den vesle kjærleiksdalen». Namnet vart gjeven til estuaret av tyske kolonistar. Den øvre delen av estuaret er delt i to dalar:

  • Kleinliebenthal, «Den vesle kjærleiksdalen». Hovuddelen av estuaret ligg i denne dalen. Dalnyk renn gjennom denne delen. Ved breidda ligg landsbyen Malodolynske (tidlegare Kleinliebenthal).
  • Großliebenthal, «Den store kjærleiksdalen». Denne dalen er ei bukt, som elva Akkarzjanka renn ut i. Ved breidda ligg Velykodolynske (tidlegare Großliebenthal).

Estuaret er gytestad for fisk, som skrubbe, kutling og mulle.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Sukhyi Liman» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.
  • Starushenko L.I., Bushuyev S.G. (2001) Причерноморскиые лиманы Одесчины и их рыбохозиаыственноые значениые. Astroprint, Odessa, 151 pp. (på russisk)
  • North-western Black Sea: biology and ecology, Eds.: Y.P. Zaitsev, B.G. Aleksandrov, G.G. Minicheva, Naukova Dumka, Kiev, 2006, 701 pp.