Sukkerøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eine, gjerne med einebær, dannar grunnlaget for sukkerøl.

Sukkerøl (eller einerøl) er ein norsk tradisjonsdrikk frå Sogn og Fjordane. Han er knytt til juletider, og har vore alternativ juledrikk for born og avhaldsfolk.

Øltypen er i utgangspunktet alkoholfri, men etter lagring over ei viss tid kan han få noko alkoholinnhald.[1]

Basis for ølet er eit oppkok av eine. Som med dei fleste lokale mattradisjonar finst det ei rekkje lokale variantar og preferansar.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Det er gjerne skota på dei ytste greinene av einebusken som blir hausta og brukt til sukkerøl. Her er det ulike lokale tradisjonar. Ein del ønskjer mest av dei lyse skota, andre tek med litt av sjølve greina, medan endå andre ønskjer greiner med blå einebær. Kor små bitar greinene skal kuttast opp i varierer også, men storleiken på kokekaret kan avgjera dette.

I tillegg til eine kan ein også bruka humle. Dette lèt ein stå i sukkerlake med gjær ei tid før gjæringsprosessen blir stoppa.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sigmund Vereide (11. desember 2013). «Har du lyst og bryggje ditt eige sukkerøl til jul?». Matamål. 
  2. Bjørnar Hagen Vika (24. desember 2014). «Dette er barnas favoritt-øl». TA. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]