Sukkerstong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amerikansk julekort frå ca 1900
To sukkerstenger

Sukkerstong er eit sukkertøy forma som spaserstokk med avrunda grep. Stenger er vanlegvis kvite med raude spiralstriper og har peparmyntesmak, men det finst òg andre fargar og smakar. Sukkerstenger (candy canes) er særleg knytte til jula i USA, og til den heilage Nikolas-dagen 6. desember, men dei har spreidd seg både geografisk og til resten av året.

Ein kjenner til kvite sukkerstenger frå så tidleg som 1600-talet.[1] Ifølgje ei overlevering var det ein korleiar i Kölnerdomen i Tyskland som bad folk om å bøya til slike stavar så dei kunne minna om gjeterstavane til gjetarane i julesoga. Så gav han dei til born for å halda dei stille under dei lange julegudstenestene.[2] Fargane har symbolsk tyding. Kvitt står for reinleik og raudt for Kristi blod.

Dei svenske polkagrisane som blir laga i Gränna har sitt eige svenska opphav. Denne typen sukkertøy blir òg produsert i form av sukkerstenger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Candy Canes and Silver Lanes: The Invention of a Holiday Favorite». inventhelp.com. Henta 6. august 2010. 
  2. Garrison, Webb. Treasury of Christmas Stories. Nashville: Rutledge Hill Press, 1990. ISBN 1-55-853087-8.