Sul tsin iare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Sul tsin iare»/«Keep on Going»
Song av Oto Nemsadze
Land Georgia
Språk Georgisk, abkhasisk
Utgjeve 29. mars 2019
Sjanger Rock, pop
Lengd 03:04
Selskap Universal
Låtskrivar(ar) Diana Giorgadze og Roman Giorgadze

«Sul tsin iare» (georgisk skrift სულ წინ იარე, norsk 'gå på') er ein rockeballade frå 2019 som vert framført av den georgiske songaren Oto Nemsadze. Songen var det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. I Eurovision hadde songen fått den engelske tittelen «Keep on Going», medan teksta i songen var på georgisk.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Oto Nemsadze framfører «Keep on Going» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

«Sul tsin iare» var ein av tre låtar som tevla om å verta det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019. Songane vart fyrste gong framført under finalen av georgiske Idol, der både vinnarartist og vinnarsong skulle kårast. Den klåre vinnaren vart Oto Nemsadze og rockeballaden «Sul tsin iare».[1] Teksta er på georgisk, men tittelen vart endra til engelske «Keep on Going».

«Sul tsin iare» er komponert av Roman Giorgadze, medan Diana Giorgadze har skrive teksta.[2] Songen er ein patriotisk kampsong om å stå saman, ikkje å gje opp og å halda fram.[3] Denne bodskapen var understreka i musikkvideoen som vart sloppen 8. april 2019. I videoen ser ein menneske som er skilte frå kvarandre med piggtrådgjerde. Videoen vert avslutta med at Nemsadze går over Enguri-brua som skil Georgia og utbrytarrepublikken Abkhasia.[4][5]

Songaren Oto Nemsadze sa: «Det er ikkje lett for meg å sjå piggtråd som representant for regionen som er okkupert for augneblinken. Eg trur ikkje nokon vert verande likeglad etter å ha sett denne musikkvideoen. Hovudbodskapen er at det ikkje er nokon delte regionar i Georgia. Ein gong vil desse piggtrådgjerda øydeleggjast, og vi skal alle syngje saman.» Regionane Nemsadze siktar til, er Sør-Ossetia og Abkhasia, som med russisk hjelp braut ut av Georgia i 2008.[6] Dei to republikkane erklærte seinare sjølvstende, men nesten ingen land har anerkjent dei som suverene statar.[7][8] Songen inneheld òg ei strofe på abkhasisk.[9]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2019 vart Georgia trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Georgia hadde startnummer 11.[10] «Keep on Going» kom på 14. plass i sin semifinale og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 18. mai.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]