Sulafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MF Tidesund kryssar Sulafjorden mellom Sulesund og Hareid.

Sulafjorden er ein 9 kilometer lang og 4-5 km brei fjord i Hareid og Sula kommuneSunnmøre. Han ligg mellom nordaustsida av øya Hareidlandet og sørvestsida av øya Sula. Fjorden utgjer den ytre delen av Storfjorden.

Fjorden har innløp i nord mellom Kvitneset på Hareidlandet og Eltraneset på Sula. Nordvest for fjorden ligg Breidsundet. Brandal ligg på vestsida litt inn i fjorden og litt lenger sør ligg tettstaden Hareid. Frå her går det ferje over til Sulesund på andre sida. Den største djupna i fjorden er 445 m, midfjords mellom Ytre Hareid og Sulebust. Fjorden endar mellom Vindsneset i nordaust og Hjørungneset ved Hjørungavåg i sørvest.

Sør for Hjørungneset går Vartdalsfjorden sørvestover, medan Storfjorden held fram nordaustover.