Sulamitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria og Sulamith. Måleri av Franz Pforr frå 1811.

Sulamitt er eit bibelsk ord som i uttrykk som «heile sulamitten» tyder ‘alt i hop’ eller ‘heile hurven’.

Uttrykket byggjer på eldre kristne uttydingar av Høgsongen i Det gamle testamentet. Namnet Sulammit i kap. 6,13 er då sett som eit bilete på heile den kristne kyrkjelyden, som budde seg på eit himmelsk møte med Kristus, den heilage kongen.

Også i jødisk tradisjon er dikta i Høgsongen tolka allegorisk, som songar om tilhøvet mellom Gud og folket hans. Litteraturgranskarar har hevda at denne tolkinga berga Høgsongen i den hebraiske kanon og med det gjorde han til ein del av Bibelen. Dei ser dikta i Høgsongen som kjærleikssongar som handlar om erotisk tiltrekning mellom mann og kvinne.

I bibelomsetjinga frå Det norske Bibelselskapet, 1978, er jentenammet «Sulammit» bytta ut med «Sjulam-jenta», og det er samanlikna med forteljinga om den ov-vene jenta Abisag frå Sjunem i Fyrste Kongebok 1,3. Vidare heiter det at «Sjulam» kan vere byen Sjunem (Solem) nær Jisre’el-sletta.

Jentenamn[endre | endre wikiteksten]

Som jentenamn er det hebraiske namnet Sjulammít (også stava Schulamitt og Shulamith) omsett med ‘den fredfulle’,[1] jamfør hebraisk שולמית, ei hokjønsform av namnet Salomo (hebraisk שְׁלֹמֹה), knytt til ordet «shalom» (שָׁלוֹם) som tyder ‘fred’.[2]

Kjende namneberarar

La Sulamite (le Cantique des Cantiques), Gustave Moreau

Sulammit i religiøs litteratur[endre | endre wikiteksten]

I Studentmaallaget si bibelumsetjing frå 1921 lyder kap. 6,13f i Høgsongen slik:

«Aa, snu deg, snu deg, du Sulammit!
Snu deg, snu deg, so me deg ser.»
«Kva er det å sjå på Sulammit?»
«Ein dans som i Mahanajim.»
«Kor fagert din fot stig paa skoen,
Du gjævings møy!»

I omsetjinga til Bibelselskapet frå 2011 er dei same linene omsette slik:

[Koret]
«Snu deg, snu deg, du jente frå Sjulam!
Snu deg, snu deg, så vi får sjå deg!»
[Han]
«Kvifor vil de sjå på jenta frå Sjulam
der ho dansar mellom rekkjene?»
«Så vakkert du stig i sandalar,
du hovdingdotter!»[3]

Høgsongen har inspirert mange diktarar. I sin avskilssong til soknefolket brukte Petter Dass «Sulamith» som eit bilete på folket:

O Gud, som har din Kirke
Grundfæst paa denne stæd!
Du selv alt got udvirke
Iblant din Meenighed!
---
Lad lykkes Jesu Navn,
At Sulamith maa tage
Sin Salomon i favn!


I pietismens salmedikting vart det ofte brukt bilete henta frå Høgsongen for å illustrere Jesu kjærleik til menneska. Eit slikt døme kan vere H. A. Brorson sin salme «Hvad est du dog skjøn» (frå Svanesang, 1765), tonesatt etter ein norsk folketone i 1906 av Edvard Grieg, som ein del han siste arbeid, opus 74:

Hvad est du dog skjøn, ja skjøn,
Ja skjøn Du allerlifligste Guds Søn!
Du, min Sulamith, Sulamith. Ja mit,
Ja mit, alt, hvad jeg har er også dit.
Min Ven, du est min, ja min,
Ja min; saa lad mig altid være din!
Ja vist, evig vist, evig vist, ja vist,
Ja vist! Du min skal blive her og hist.
Men tænk, jeg er her, ja her,
Ja her iblandt så mange dragne Sværd!
Saa kom, Due! kom, Due! kom, ja kom!
Ja kom! I Klippens Rif er Ro og Rum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sulamith» på tysk wikipedia (tyding av namnet Sulamit)
  2. Shulamith på engelsk wikipedia
  3. Høgsongen 6,13–7,1a