Sulawesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sulawesi (gul) i Indonesia
Topografisk kart over Sulawesi

Sulawesi (tidlegare kjent som Celebes), er ei av dei fire store Sundaøyane i Indonesia og ligg mellom Borneo og øygruppa Molukkane.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Sulawesi kjem kanskje frå orda sula (øy) og besi (jarn) og viser kan hende til den historiske eksporten av jarn frå det rike jarn-feltet ved Mantano-sjøen.

Forhistorie[endre | endre wikiteksten]

Landnåmet på søre Sulawesi vert datert til ca 30 000 f.Kr., basert på C14-metoden målt ved hellerar i Maros. Tidlegare prov på busetting er ikkje funne, men det er rimeleg sikkert at øya var ein del av den land-brua som vart nytta til å busette Australia og Ny-Guinea seinast kring 40 000 f.Kr. Det finst ikkje noko som tyder på at Homo erectus nådde Sulawesi.

Ein trur at folk frå Borneo innvandra til nordvestkysten av Sulawesi for mellom tre og fire tusen år sidan. Desse busette seg truleg i kring munningen av elva Sa'dan. Gjennom påfølgjande utvandringar spreidde etterkomarane seg rundt om på den berglendte øya. Dei ulike folkegruppene hadde liten innbyrdes kontakt og språket utvikla seg til åtte åtskilde greiner av sørsulawesi-mål.

Samfunna var før år 1200 inndelt i små hovdingdømme. Desse må ofte ha lege i strid med kvarandre, medan dei i fredstid må ha utveksla kvinner med ein annan. Tryggleiken til den enkelte må ha vore minimal, hovudjakt (“head-hunting”) ein etablert praksis. Næringsgrunnlaget må ha vore ei blanding av jakt og sanking, svibruk og innslag av åkerbruk av typen vekselbruk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I det 13. hundreåret fekk ein tilgang på både jarn-ressursar og handelsvarer som vart til nytta prestisjeføremål. Dette var starten på endringa av elddgamle kulturtrekk, og opna for at ærgjerrige individ kunne bygge opp større politiske einingar. Det er ikkje klart kvifor desse to tilhøva skjedde samstundes; det eine var kanskje ei følgje av den andre. Kring 1400 hadde det danna seg ei rekke hovdingrike basert på jordbruksdrift i den vestlege delen av Cenrana-dalen, sameleis på sørkysten og på austkysten nær dagens Parepare.

Dei første europearane som vitja øya var portugisiske sjøfolk i 1525, sende frå Molukkane på leiting etter gull, noko som øyane hadde rykte for å lage. Nederlendarar kom i 1605 og vart snøgt følgde av englendarar, som etablerte ein verkstad i Makassar.

Frå 1660 var nederlendarane i krig med Gowa, den største Makassar-makta på vestkysten. I 1669 tvinga admiral Speelman herskaren, sultanen Hasanuddin, til å underteikne Bongaya-pakta. Denne pakta overlet kontrollen med handelen til det Nederlandske Ostindia-kompaniet. Nederlendarane var i erobringa assistert av krigsherren Arung Palakka, herskar over Bugi-kongedømet i Bone. Nederlendarane bygde eit fort i Ujung Pandang, medan Arung Palakka lokalt vart leiande herskar og Bone det dominerande kongedømet.

Ei følgje av status quo ser ut til å ha vore mangelfull politisk og kulturell utvikling i dei komande hundreåra. I 1905 vart heile øya ein del av den nederlandske stats koloni Nederlandsk Aust-India inntil Japan okkuperte øya under 2. verdskrigen. I 1949, etter den indonesiske revolusjonen, då den illgjetne nederlandske kaptein 'Turk' Westerling skal ha myrda 3-4000 menneske, vart Sulawesi del av den sjølvstendige sambandsstaten Indonesia, som i 1950 vart republikken Indonesia.

Kart over provinsane på Sulawesi

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sulawesi er den ellevte største øya på jordkloten, og dekker eit område på 174 600 km². Øya er omringa av Borneo i vest, Filippinane i nord, Molukkane i aust, og av Flores og Timor i sør. Ho er dominert av fire store halvøyar: Semenanjung Minahassa, austhalvøya, sørhalvøya og sørausthalvøya. Dei indre delane av øya er oppskoren av fjell, slik at halvøyane tradisjonelt har lege fjernt frå kvarandre, med betre sjøverts samband enn landevegs.

Øya er inndelt i seks provinsar: Gorontalo, Vest-Sulawesi, Sør-Sulawesi, Midt-Sulawesi, Søraust-Sulawesi, og Nord-Sulawesi. Vest-Sulawesi er ein ny provins, danna i 2004 og i hovudsak utskilt frå Sør-Sulawesi. Største byane på øya er Makassar på sørvestkysten av øya, og Manado på nordspissen.

Folketal[endre | endre wikiteksten]

Ei folketeljing i 2000 fann at talet på innbyggjarar på Sulawesi var 14 946 488, noko som utgjer om lag 7,25% av Indonesias totale folketal.

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Dyre- og vekstlivet på Sulawesi har innslag av mange artar som vert rekna for å høyre til Asia. Men hovudparten av alle artane høyrer til i den australasiatiske vekst- og villmarksområdet. 2 290 km² av øya er utlagt til nasjonalparken Lore Lindu.

127 pattedyr er påvist på Sulawesi. Ein stor prosentdel (79 artar=62%) av desse pattedyra er endemiske, dei finst ingen andre stader i verda. Det største innfødde pattedyret er ein dvergbøffel, lokalt kalla anoa.

Det sulawesiske fuglelivet består for ein stor del av artar som ein også finn på fleire av dei nærliggjande øyane. 34% av fugleartane på Sulawesi finn ein ikkje andre stader enn på denne øya. Ein endemisk fugl er den kylling-store maleoen, som for det meste held til på bakken. Denne fuglen reproduserer seg slik ingen annan fugl; han nyttiggjer seg den vulkansk oppheita sanden på øya, grev holer i sanden, legg egga sine, og forlet staden omgåande. 1 450 fugleartar er observert på Sulawesi.

Kulturtradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Folket på Sulawesi er kjende for sitt framifrå kunsthandverk, så som pottemakeri og veving. Opphavleg vart pottemakeriet einast nytta med tanke på å lagre ris og vatn. Då nederlendarane kom, kom pottelaginga til nytte som sals- og eksportvare, påskjøna for sine utsøkte detaljar. I vevinga nyttar sulawesiane seg av komplekse mønster, som dei gjentar minst ein gong i kvart einast produkt dei lagar. Vevarane er i all hovudsak kvinner.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Islam er majoritets-religion på Sulawesi. Omvendinga av folket på låglandet i Sør-Sulawesi) til islam fann stad tidleg i det syttande hundreåret. Kongedømet Luwu i Bone-bukta var det første som aksepterte islam i 1605; Makasar-kongedømet følgde etter same året. Gorontalo- og Mongondow-folka på den nordlege halvøya gjekk derimot ikkje over til islam før enn i det 19. hundreåret. Muslimane er i hovudsak sunniar.

Dei kristendomen utgjer ein større minoritet. 17% av sulawesiane skal vere protestantiske kristne, 2% er romersk-katolske. Dei kristne flest finn ein på spissen av den nordlege halvøya, rundt byen Manado og på øyane Sangihe og Talaud. Området er busett av Minahasaene, eit i all hovudsak protestantisk folk. Toraja-folket i midtre Sulawesi har konvertert til kristendomen etter Indonesia vart sjølvstendig. Større grupper av kristne finst også i fleire andre delar av Sulawesi, og det finst kristne i alle større byar på øya.

Sjølv om dei fleste ser på seg sjølv som muslimar eller kristne, vender dei seg ofte til lokale guddomar og tru attåt. Det er ikkje uvanleg (og fullt ut akseptert) for kristne å ofre til lokale gudar, gudinner, og ånder.

Små samfunn av buddhistar og hinduar finst på Sulawesi, helst mellom kinesisk, balinesisk og indiske samfunn.

Religiøs konflikt[endre | endre wikiteksten]

Det siste tiåret har Sulawesi vore heimsøkt av valdelege oppgjer mellom muslimar og kristne. I perioden 1998 til 2001 vart meir enn tusen menneske drepne i samanstøytar, opprør og episodar av etnisk reinsing ymse stader i det midtre av Sulawesi. Ein fredsavtale frå 2001 har ikkje utrydda volden heilt. Også seinare har ein hatt opprør der menneskeliv har gått tapt, oftast har det ramma kristne.