Sulayman ibn Abd al-Malik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sulaymān ibn ʿAbd a-Malik
سليمان بن عبد الملك
Omajadekalif
Periode715-716
Fødd675
FødestadDamaskus
Død24. september 717
DødsstadDabiq
FarAbd al-Malik
BarnAbd al-Wahid ibn Sulayman, Ayub bin Suleiman
FøregangarAl-Walīd I
EtterfølgjarUmar II
Umayyademoskeen i Damaskus.

Sulaymān ibn ʿAbd a-Malik (fødd ca. 674, død 717) var den sjuande kalifen av Omajade-kalifatet frå 715 til 717. Han var son av kalif Marwān I, og ein yngre bror av den tidlegare kalifen al-Walīd I. Under styret til broren hadde han vore guvernør av Palestina, der han grunnla byen Ramla. Denne byen herska han så frå, i motsetnad til dei andre umajjadane, som herska frå Damaskus.

Den tiltenkte etterfølgjaren hans var sonen Ayyub, som døydde før faren. Deretter utnemne han Umar ibn Abd al-Aziz til etterfølgjar, som hadde rykte på seg for å vere den dyktigaste, visaste og frommaste personen i si tid, i staden for sin eigne son, som då kjempa i Konstantinopel og framleis var ung. Denne etterfølginga var uvanleg, men streid ikkje med den sunnimuslimske metoden for å velja ein etterfølgjar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]