Suldal II kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Suldal II kraftverk
Tekniske data
Plassering Nesflaten
Eigar Norsk Hydro og Statkraft
Etableringsår 1967
Fallhøgde 561 m
Aggregat Francisturbin
Installasjon 150 MW
Årsproduksjon 751 GWh

Suldal II kraftverk er eit vasskraftverk som saman med Suldal I kraftverk ligg inne i fjellet frå Nesflaten i Suldal kommune i Rogaland. Kraftverket blei sett i drift i 1967 og modifisert i 1971. Verket nyttar eit fall på 559 meter frå Kvanndalsfoss til Suldalsvatnet. Då har vatnet alt blitt nytta i Kvanndal kraftverk. Det er installert to francisturbinar på totalt 150 MW. Midlere årsproduksjon er på 751 GWh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]