Sulejman Tihić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sulejman Tihić

Fødd26. november 1951
Šamac
Død25. september 2014 (62 år)
Statsborgar avBosnia-Hercegovina
Yrkepolitikar, dommar, aktor, advokat
Utdanna vedJuridisk fakultet ved Universitetet i Sarajevo
Universitetet i Sarajevo
Alle verv
  • Bosniak Member of the Presidency of Bosnia and Herzegovina (2002–2006)
  • Chairman of the Presidency of Bosnia and Herzegovina (2004–2004)
  • Chairman of the Presidency of Bosnia and Herzegovina (2006–2006)
  • Member of the House of Peoples of Bosnia and Herzegovina (2007–2014) Sjå dette på Wikidata

Sulejman Tihić (fødd 26. november 1951) er ein bosnisk politikar og var det bosnjakiske medlemet i det kollektive presidentskapet i Bosnia-Hercegovina frå 2002 til 1. oktober 200. Han var formann i presidentrådet, altså president i Bosnia-Hercegovina, frå 28. februar 2006 til 1. oktober 2006, noko han òg var februar til oktober 2004.

Sulejman Tihić vart fødd i Bosanski Šamac i det nordlege Bosnia i det dåverande Jugoslavia, i dag ein del av den bosnisk-serbiske Republika Srpska. Han studerte jus ved universitetet i Sarajevo. I 1990 var han ein av grunnleggjarane av det bosnjakiske Partiet for demokratisk handling (Stranka Demokratske Akcije - SDA), som snart vart regjeringspartiet i Bosnia-Hercegovina. Under krigen i Bosnia, frå mai til august 1992 var han internert i serbiske fangeleirar. Han har seinare uttalt til slovensk fjernsyn at han «ikkje ville ha overlevd fangeleiren dersom det ikkje hadde funnest gode serbarar».

Frå 1994 til 1996 tenestegjorde Tihić som diplomat i Tyskland, frå 1996 til 1999 i det bosniske utanriksdepartementet. I 1996 vart han vald som representant til nasjonalforsamlinga i Republika Srpska. 13. oktober 2001 vart han leiar av SDA etter Alija Izetbegović. 5. oktober 2002 vart han vald som den bosnjakiske representanten i presidentskapet, med 37,3 % av røystene. I valet 1. oktober 2006 tapte han for Haris Silajdžić, som overtok som bosnjakisk representant i presidentskapet.

Han er gift, har tre born og eit barnebarn.