Sulley Muntari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sulley Muntari
Personleg informasjon
Fullt namn Sulleyman Ali Muntari
Fødd 27. august 1984
Fødestad Konongo
Høgd 179 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Sunderland
Nummer 11
Ungdomsklubbar
2001-2002 Ghana Liberty Professionals
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-2007
2007-08
2008-
2011-
Italia Udinese
Storbritannia Portsmouth
Italia FC Internazionale
Sunderland (lån)
125 (8)
29 (4)
62 (7)
0 (0)
Landslag
2002- Ghana Ghana 57 (16)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. mai 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 21. juli 2010

Sulleyman Ali Muntari eller berre Sulley Muntari (fødd 27. august 1984) er ein fotballspelar frå Konongo i Ghana.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Sulley Muntari starta karrieren sin i det ghanesiske Liberty Professionals, som han spelte for frå 2001 - 2002. I 2002 vart han seld til den italienske klubben Udinese, og spela for dei til 2007. Etter det vart han seld til britiske Portsmouth, der han blei verande til 2008 då han reiste tilbake til Italia, denne gongen til klubben Inter. I januar 2011 gjekk han derfrå på lån til Sunderland i engelsk Premier League.

Muntari har spelt for det ghanesiske landslaget sidan 2002. Han deltok m.a. i fotball-VM 2006 i Tyskland, Afrikameisterskapen i fotball i Ghana i 2008, og i VM i fotball 2010 i Sør-Afrika. Eit afrikansk lag har aldri kome lenger enn kvartfinalen i VM i fotball, og Ghana tangerte denne rekorden då dei spela kvartfinale mot Uruguay i denne meisterskapen. I denne kampen skåra Muntari 1-0 før pause, men Uruguay utlikna i andre omgang og vann til slutt på straffespark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]