Sultan Yacoub

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sultan Yacoub
سطان يعقوب
by
Land  Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Vest-Beqaa distrikt
Koordinatar 33°38′36″N 35°51′35″E / 33.64333°N 35.85972°E / 33.64333; 35.85972
Kart
Sultan Yacoub
33°38′36″N 35°51′35″E / 33.643333333333°N 35.859722222222°E / 33.643333333333; 35.859722222222
Wikimedia Commons: Sultan Yacoub

Sultan Yacoub (Sultan Yakoub, Sultan Yaakov) er ein landsby i Libanon aust i Beqaadalen, kring sju kilometer frå grensa til Syria[2].

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Sultan Yacoub.

Slaget ved Sultan Yacoub under Libanonkrigen, skjedde den 12. juni 1982. Under slaget vart ein kolonne med pansra køyretøy frå Det israelske forsvaret (IDF) angripen i eit bakhald i eit smalt pass nær Beqaadalen av syrarar.[1] Atten IDF-soldatar døydde i slaget, som vart rekna som ein israelsk etterretningssvikt.[2] Tre IDF-soldatar vart aldri funne.

Etter den syriske evakueringa av Libanon i april 2005, var det framleis strid om suvereniteten over Sultan Yacoub.[3] Folkefronten for frigjering av Palestina (PFLP) har ein base nær landsbyen og dusenvis av leiarar i PFLP er blitt tatt i å snike seg uloveleg inn i Beqaadalen til Sultan Yacoub.[4]

I mai 2006 vart tre til åtte Katyusha-rakettar avfyrt til nordlege Israel frå Libanon.[5] Det israelske forsvaret svarte med eit missil mot PFLP-basen i Sultan Yacoub.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]