Sultandammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°46.310′N 35°13.585′E
Sultandammen
reservoar
Yemin Moshe in snow.jpg
Yemin Moshe, med Birket es-Sultan i framgrunnen, 1920-åra
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Koordinatar 31°46.310′N 35°13.585′E
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sultan's Pool

Sultandammen (hebraisk skrift בריכת הסולטאן, Birket es-Sultan) er eit vassreservoar frå oldtida på vestsida av Sionfjellet. Det vart truleg danna i tida kring Herodes og somme meiner det er Slangebassenget som er nemnt i Josefus.[1] Det fekk vatn tilført via ein akvedukt.[2] Dei osmanske sultanane (som det er kalla opp etter) forstørra det, slik at det målte 67 m × 169 m × 12 m. Det var ein del av vassforsyninga til Jerusalem frå antikken til seint i osmansk tid. Under krosstoga vart det kalla Lacus Germani.[3]

I dag er dammen tørrlagt om sommaren og vert nytta til konsertar og festivalar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]