Hopp til innhald

Suluøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suluøyane
øygruppe
Frå Basilan
Land  Filippinane
Kart
Suluøyane
6°N 121°E / 6°N 121°E / 6; 121
Wikimedia Commons: Sulu Archipelago
Oversiktskart med dei større øyane i gruppa.
Den filippinske provinsen Sulu, sentralt i Suluøyane.

Suluøyane er ei øygruppe som høyrer til Filippinane, med Basilan og Sulu som dei to største øyane. Øyane ligg like sør for Suluhavet og nord for Celebeshavet.[1] Dei er ein del av den større øygruppa Mindanao, og omfattar provinsane Basilan, Sulu og Tawi-Tawi. Øygruppa blir derfor av og til omtalt som Basulta, avleidd frå fyrstestaving til kvart provinsnamn. Det totale arealet til øygruppa er på 3 861 kvadratkilometer.

Øyane er danna av ein undervassrygg som er blitt løfta opp gjennom vipping av ei jordskorpeplate.[2][3] Basilan, Jolo, Tawitawi og andre øyar i gruppa er utdøydde vulkanar frå sørdelen av ryggen. Øyrekkja dannar ei viktig migrasjonsrute for fuglar.

Fram til 1917 utgjorde Suluøyane eit sjølvstendig sultanat, Sultanatet Sulu, som på 1700-talet også kontrollerte den større øya Palawan i nord, nordaustlege delar av Borneo og Zamboangahalvøya på Mindanao.

Dei største kommunane i området ligg på øya Jolo. Urfolksgrupper på øyane er tausugfolk og ulike grupper samalfolk (eller samafolk). Tausug er eit utbreidd språk i øygruppa, både som fyrste- og andrespråk. Yakan er eit utbreidd språk på Basilan. Det blir også tala fleire dialektar av sinama i heile øygruppa, frå Tawi-Tawi-øyane til Mapun-øyane, kysten av Mindanao og vidare.

Bajau-styltehus på Basilan.
Panguanøya den siste øya i øygruppa før grensa mellom Filippinane og Malaysia.

Øygruppa kan delast inn i fleire mindre grupper, for det meste rundt hovudøyane Basilan, Jolo og Tawi-Tawi. Det finst også andre grupper.

Basilangruppa

[endre | endre wikiteksten]
  • Basilan
  • Pilas

Jologruppa

[endre | endre wikiteksten]

Keenapusangruppa

[endre | endre wikiteksten]

Laparangruppa

[endre | endre wikiteksten]

Pangutarangruppa

[endre | endre wikiteksten]

Sibutugruppa

[endre | endre wikiteksten]

Tapulgruppa

[endre | endre wikiteksten]

Tawi-Tawi-gruppa

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ C.Michael Hogan. 2011. "Celebes Sea". I P. Saundry & C. J. Cleveland (red.). Encyclopedia of Earth. National Council for Science and the Environment. Washington, D.C.
  2. ↑ Scott, William Henry (1984). «1. Archeology». Prehispanic Source Materials for the Study of Philippine History. Quezon City: New Day. ISBN 971-10-0227-2.
  3. ↑ Wernstedt, Frederick L.; Spencer, Joseph Earle (1967). The Philippine Island world: a physical, cultural, and regional geography. University of California Press. s. 37. ISBN 978-0-520-03513-3.