Sulz i Vorarlberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I framgrunnen Georg-kyrkja i Sulz

Sulz er ein kommune i distriktet Feldkirch i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 3,01 km² med vel 2 500 ibuarar i 2016. Sulz ligg 495 meter over havet, i overgangen frå slettelandet i Rhindalen til det austafor liggjande åslandskapet.

Firmaet Baur, som lagar straumkablar, er største arbeidsplassen i Sulz. Landbruk er viktig i kommunen, 56 % av arealet vert nytta til jordbruksføremål. Einast 5 % av flatevidda er skogdekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]