Sulzberger Bay
Sulzberger Bay | |||
bukt | |||
Kart over Sulzberger Bay
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Rosshavet | ||
Koordinatar | |||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Sulzberger Bay | |||
Sulzberger Bay er ei bukt mellom Fisher Island og Vollmer Island, langs kysten av King Edward VII Land. Ho vart oppdaga av Byrd-ekspedisjonen den 5. desember 1929, og vart namngjeven av Byrd etter Arthur H. Sulzberger, som publiserte New York Times og støtta Byrd-ekspedisjonane i 1928-1930 og 1933-1935.[1]
Sulzberger Bay ligg føre Sulzberger isbrem (Edward VII Peninsula og Guest Peninsula. Isbremmen vart observert og grovt kartlagd av Byrd-ekspedisjonen (1928-1930).[2]
), ein isbrem som er kring 137 km lang og 80 km brei langs kysten av Marie Byrd Land mellomSulzberger Basin ([3]
) er eit havbasseng sentralt i Rossisen nær Sulzberger Bay.Isfjelldanning[endre | endre wikiteksten]
Isbremmen kalva fleire isfjell i dagane etter 12. mars 2011, same dag som jordskjelvet og tsunamien i Sendai i Japan. Forskarar har knytt denne iskalvinga til tsunamien som nådde isbremmen kring 13 600 km unna episenteret til jordskjelvet. Det største isfjellet var omtrent like stort som Manhattan Island. I alt kalva isbremmen isfjell som dekte i alt nesten 125 km2. Denne delen av isbremmen hadde ikkje flytta seg sidan 1946.[4][5]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sulzberger Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Sulzberger Bay
- ↑ U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Sulzberger isbrem
- ↑ U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Sulzberger Basin
- ↑ «Japan Tsunami Broke Huge Icebergs Off Antarctica», Livescience.com, August 8, 2011[daud lenkje]
- ↑ Brunt, Kelly M.; Emile A. Okal; Douglas R. MacAyeal (27 April 2011). «Antarctica ice-shelf calving triggered av Honshu (Japan)» (PDF). Journal of Glaciology 57 (205): 785–788. Arkivert frå originalen (PDF) 26. oktober 2011. Henta 1. desember 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Japan's Tsunami Rips Icebergs Double the Size of Manhattan From Antarktis
- Tsunami Broke Antarctic ice shelf Arkivert 2012-09-30 ved Wayback Machine. — Discovery News
- Japan Tsunami Broke Off Icebergs i Antarctic — Wired.com